LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (2 stillingar) ved Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 15.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (2 stillingar) 

Ved Det medisinske fakultet er det ledig to (2) opne stillingar som postdoktor frå 1. september 2024.

Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100 % stilling. Postdoktoren kan verte pålagt pliktarbeid ved instituttet eller fakultetet. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing alt etter behovet ved instituttet, og knytt til fakultetet si Forskarline eller ved grunnkurset MEDMET for ph.d.-kandidatar. Undervisningsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk, men på ph.d. utdanninga er det engelsk.

Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til, og arbeidsstaden skal i hovudsak vere ved fakultetet i Noreg. For at søknaden skal verte vurdert, må kandidaten byte forskingsmiljø frå der ph.d. arbeidet vart gjennomført.

50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % postdoktorstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er maksimalt seks (6) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing inkludert avtale om arbeidstidsfordeling i eiga vedlegg.

Vurdering av søknad:

Søknadane blir vurderte ut frå følgjande kriteria:

  • Kandidat: Søkjaren sin kompetanse og relevante faglege aktivitet. Utanlandsopphald i postdoktorperioden tel positivt ved vurderinga.
  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, og om det kan gjennomførast innafor rammene for ei postdoktorstilling.
  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten og relevant forskingsaktivitet. Mentor må være tilsett ved Det medisinske fakultet i heile prosjektperioden.

Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Disputas må vere gjennomført og godkjent ved tilsetjingstidspunktet i stillinga
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved Universitetet i Bergen.

Åremålsperioden for stillinga er tre (3) år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet på minst 6 månadar inngår i perioden. Forskingsopphaldet i utlandet kan gjerne vere lengre enn eit (1) år så lenge total tilsetjingsperiode ikkje er meir enn fire (4) år. Forskingsopphaldet i utlandet må vere avslutta minst 6 månadar før postdoktorperioden avsluttast.

Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid ved instituttet/fakultetet.

Mentor må ha hovudstilling ved Det medisinske fakultet. Unntak kan bli gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 615 700 (kode 1352, lønssteg 63) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde føljande nummererte vedlegg:

Frå kandidaten:

1. Søknadsbrev. Søknadsbrevet skal innehalde tittel på prosjektet og namn på mentor, forskingsgruppe og instituttet der prosjektet skal gjennomførast. I søknadsbrevet skal det greiast ut om søkjars motivasjon for postdoktorprosjektet og ei framtidig vitskapeleg karriere, og det skal innehalde ein plan for karriereutvikling.

2. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar etter mal.

3. CV: (maksimalt 3 sider) etter mal.

4. Liste over publikasjonar og vitskaplege arbeid (PDF) med en kort beskriving av innhald og eiget bidrag for kvart arbeid.

5. Karakterutskrifter, vitnemål og attestar (PDF). Dersom disputas ikkje er gjennomført skal stadfesta godkjenning av avhandling leggast ved.

6. Doktorgradsavhandling (PDF).

7. Invitasjon frå utanlandsk institusjon dersom aktuelt.

8. Eventuelle andre vedlegg.

Frå mentoren:

1. Mentorerklæring. I mentorerklæringa skal det komme frem kvifor kandidaten har potensiale for ei framtidig akademisk karriere, og det skal greiast ut om korleis mentor og forskingsmiljøet skal legge til rette for at kandidaten kan utvikle sjølvstendigheit med mål om ei framtidig akademisk karriere. Merk at berre ein søknad frå kvar mentor vil bli vurdert.

2. Mentor sin CV (maks 3 sider) etter mal.

3. Kandidatproduksjon. Mentor sin rettleiarerfaring (master- og ph.d.). Dokumentet skal også innehalde ei oversikt med namn og startdato og forventa sluttdato på ph.d.- og postdoktorkandidatar som du er med- eller er hovudrettleiar/mentor for og som er finansiert av Det medisinske fakultet. Dersom du ikkje er rettleiar eller mentor for tida, må du opplyse om det. Det er etablert retningslinjer for kor mange kandidatar ein person kan rettleie samtidig av fakultetet sine rekrutteringsstillingar.

4. Publikasjonsliste siste 7 år

5. Omtale av forskingsmiljøet (opp til 1 side)

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil vurdere søknaden dersom vedlegg eller vesentlege opplysningar frå kandidat eller mentor manglar.

Vesentleg ny informasjon (til dømes aksept av innsendte artiklar) kan ettersendast til selina.hausberg@uib.no fram til nemnda begynner arbeidet, normalt ca. to veker etter søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til:

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forsking Marit Bakke (e-post: marit.bakke@uib.no , telefon: 55 58 60 14).

Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS