LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (3 år) ved Institutt for Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 20.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «TIMESPAN - Management of chronic cardiometabolic disease and treatment discontinuity in adult ADHD patients», finansiert av EU under Horizon 2020 programmet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Personar med ADHD har betydeleg risiko for kardiometabolske sjukdommar som diabetes type 2, overvekt og kardiovaskulær sjukdom i vaksen alder. Mangelfull behandling av kardiometabolske sjukdommar gir auka risiko for tidleg død og store samfunnskostnader. Ifølgje retningslinjer for behandling er det viktig å ta omsyn til eventuelle psykiske lidingar hos pasientar med kardiometabolsk sjukdom. Sjølv om ADHD er ei vanleg og alvorleg kronisk liding hos vaksne (ca. 2-5 %), er det lite kunnskap om korleis ein best behandlar vaksne med både ADHD og kardiometabolsk sjukdom. TIMESPAN vil undersøkje denne problemstillinga blant anna ved å nytte data frå register og kohortstudiar i fleire land.

Den aktuelle stillinga er knytt til bruk av kopla registerdata frå Noreg, men resultata vil bli samanstilte med resultat frå andre land, og det vil vere tett samarbeid med desse landa.

Med utgangspunkt i eit stort nasjonalt datasett med opplysningar frå Medisinsk fødselsregister, Reseptregisteret, Norsk pasientregister og andre nasjonale databasar, er målet

  • Å beskrive kontinuitet og pausar i medikamentell ADHD behandling hos vaksne med ADHD med og utan kardiometabolsk tilleggssjukdom («behandlingsvegar»)
  • Undersøkje om slike «behandlingsvegar» varierer mellom ulike land eller med sosiodemografiske og kliniske kjenneteikn, kven som er behandlar (primærlækjar eller psykiater) og tilleggssjukdommar
  • Undersøkje om behandling av og prognose ved kardiometabolsk sjukdom er ulik hos vaksne med og utan ADHD,
  • Og om medikamentell ADHD behandling påverkar dette

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor epidemiologi, fortrinnsvis farmakoepidemiologi eller psykiatrisk epidemiologi, eller statistikk eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist
  • Søkjar må ha erfaring i bruk av ulike statistiske programpakkar for analyse av store epidemiologiske datasett, fortrinnsvis registerdata. Erfaring med bruk av R er ein klar føremon
  • Søkjar må kunne nytte engelsk munnleg og skriftleg, norsk er ein føremon
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner, også i internasjonale prosjektgrupper

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Se forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 573 900 (kode 1352, lønssteg 62) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 584 700 (kode 1352, lønssteg 63). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 615 000 (kode 1352, lønssteg 66).
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid (i PDF). Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Kari Klungsøyr, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, e-post: Kari.Klungsoyr@uib.no, eller tlf.: +47 482 15 052

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS