Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i molekylær cellebiologi / biokjemi

Søknadsfrist: 15.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i molekylær cellebiologi/biokjemi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til FRIMEDBIO prosjektet «LiceVault - implementing a model organism for studying vault function and application as smart adjuvant for fish vaccination» finansiert av Forskningsrådet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Vil du arbeide med å løyse mysteriet rundt ei av dei siste gåtefulle organellane i celler? Kvelv («Vaults») er store ribonukleoproteinkompleks som er funne i mange organismar, frå amøbar til menneske. Det har vorte funne at dei er involvert i multiresistens, stressrespons og signalisering, men deira sanne funksjon er fortsatt ukjend. Gjennom vårt nye prosjekt LiceVault vil du få arbeide med å avdekke funksjonen til kvelva med eit spesielt fokus på deira rolle i kjemoresistens og stressrespons i atlantisk lakselus, ein viktig fiskeparasitt. Du vil bli med i eit internasjonalt team av dyktige forskarar i eit inspirerande fleirfaglig miljø.
  • Du likar å arbeide kreativt med eit breitt perspektiv: frå cellebiologi til fiskevaksinering.
    • Du vil arbeide med å generere og teste nye hypotesar i laboratoriet
    • Du vil utvikle eksperiment for å studere kvelv og deira komponentar.
    • Du vil karakterisere kvelv-gen og deira produkt via funksjonell genomikk, genredigering, genomikk og transkriptomikk.
  • Ein del av prosjektet og opplæringa (~3 månadar) vil føregå på prosjektpartnaren vår sitt institutt ved UCLA/USA.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi ser etter ein særleg motivert kandidat med ein analytisk tankemåte som er i stand til å jobbe i eit tverrfagleg og internasjonalt miljø.

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor biokjemi, biologi, molekylær biologi eller eit relatert felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert erfaring frå minst eit av dei følgjande feltane er påkravd, ytterlegare erfaring er ein føremon:
    • Rekombinant protein ekspression
    • RNA-ekspression
    • Cellekultur (særleg gjær, Sf9, men også pattedyrcelle)
    • Protein eller RNA-bindingsforsøk
    • Måling av stressreaksjon
    • DNA-reparasjon
    • Utvikling og utføring av protokollar og bioassays til effekt studier
  • Erfaring med multi-omics metodar og data analyse er ein føremon
  • Erfaring med lakselus (Lepeophtheirus salmonis eller relatert organisme) er ein føremon
  • Erfaring med handtering av laboratorie-dyr (føretrekkja fisk) er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Prosjektet vil føregå i tett samarbeid med prosjektpartneren vår i USA. Den som blir tilsett skal derfor opphalda seg ved prosjektpartnaren vår sitt institutt i cirka 3 månadar. Ein må rekne med ein del reiseverksemd.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Michael Dondrup, Institutt for informatikk, Universitetet i Bergen, michael.dondrup@uib.no, +47 55 58 43 54 eller
  • Prof. Frank Nilsen, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen, frank.nilsen@uib.no, +47 55 58 44 12

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS