LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

PhD-stilling i biosystematikk (marin malacologi og evolusjon)

Søknadsfrist: 13.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

PhD-stilling i biosystematikk (marin malacologi og evolusjon)

Ved avdeling for Naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen (Universitetet i Bergen, Norge) er det ledig ei stilling som PhD-stipendiat innan biosystematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, der 25% av tida er pliktarbeid som undervising og kuratering av vitskaplege samlingar ved museet.Kandidaten kjem til å arbeide med eit forskingsprosjekt om artsmangfald, systematikk, fylogeni, artsdanning og historisk biogeografi til marine sniglar i slekta Smaragdinella. Prosjektet har tittelen: "The role of ecology, historical climate change and tectonic events on the evolution and diversification of extant rocky-shore marine species”.

Om prosjektet:

Bakgrunn:

Kontinentaldrift og klimaendringar i løpet av Cenozoic (dei siste 65 millionar åra) har forma livet på jorda og har ført til utrydding og diversifisering av nye dyregrupper, og til betydelege utvidingar og innskrenkingar av artar sine leveområde. Å forstå korleis desse prosessane drivne kan kaste lys over tidspunktet, geografien og artsdanningsmåten til nolevande dyr og planter, og dermed bidra til å seia på førehand verknaden av den globale oppvarminga vi står andsynes på biologisk mangfald. Smaragdinella er den eineste gruppa innan den mangfaldige sniglefamilien Haminoeidae som bur på hardbotn nær land. Dette gjer Smaragdinella-sniglar spesielt interessante evolusjonsmessig, men prosessane som har drive diversifisering og tilpassing av disse sniglane til ein unik økologi, står det att å forstå.

Mål og metodar:

Gjennom dette prosjektet vil vi svare på følgjande spørsmål:

Kor mange artar av Smaragdinella finst det, og kva er deira fylogenetiske forhold og utbreiing? Korleis har store historiske tektoniske og klimatiske hendingar påverka diversifiseringa av Smaragdinella? Korleis har vikarians, spreiing og økologi bidrege til regionalt mangfald og artsdanning? Kan diettspesialisering vere drivaren bak den unike tilpasninga av Smaragdinella til hardbotnhabitat? Prosjektet vil bruke ein kombinasjon av fossilar, molekylær fylogenetikk og morfologi for å analysere mangfaldet og utviklinga av Smaragdinella. I tillegg vil kandidaten bruke meta-strekkoding for å studere tarminnhaldet og dietten til artane.Rettleiar for prosjektet blir professor Manuel Malaquias (Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen) og medrettleiar prof. Ida Steen, Institutt for biovitenskap, Fakultet for matematikk og naturvitenskap, Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein entusiastisk og svært motivert kandidat ideelt med erfaring innan biosystematikk av marine evertebratar. Søkjaren må ha gode samarbeidevner, men også ha evna til å jobbe sjølvstendig, og må ha gode sosiale og kommunikasjonsevner.

Nødvendige:

  • Søkjarar må ha ein mastergrad eller tilsvarande utdanning i zoologi, evolusjonsbiologi eller biosystematikk, og må ha levert masteroppgava si til vurdering før søknadsfristen. Det er et tilsetjingsvilkår at mastergraden er tildelt.
  • Erfaring med molekylært laboratoriearbeid og fylogenetiske analysar.
  • Vere tilgjengeleg for å reise utanlands for å utføre feltarbeid og studere biologiske samlingar ved andre institusjonar.
  • Vere svert god i engelsk, både munnleg og skriftleg.

Vil vere ein fordel:

  • Erfaring med taksonomi og systematikk av marine sniglar.
  • Erfaring med anatomiske disseksjonar av sniglar, spesielt sniglar i orden Cephalaspidea.
  • Erfaring med skanningelektronmikroskopi.
  • Erfaring med DNA metabarkoding analysar.
  • Erfaring med å skrive vitskapelege artiklar og halde presentasjon på internasjonale vitskapelege møter.
  • Feltarbeidserfaring i tropiske kystmiljø.

Om PhD-stillinga forsking og utdanning:

Stipendiaten må delta i universitetet sine godkjente doktorgradsprogram som fører til graden innan ein tidsfrist på 4 år (1 års pliktarbeid). Derfor må søkjarar oppfylle dei formelle opptakskrava til PhD-programmet. Søknad om opptak til PhD-studien, inkludert framdriftsplan for utdanning og forsking, vil bli laga samen med rettleiarane. Ein endeleg plan for gjennomføring av forskaropplæringa må vere godkjent av Fakultet for Matematikk og Naturvitskap innan tre månader etter at kandidaten har starta i stillinga. Pliktarbeid inkluderer 25% av den totale sysselsettinga, og vil omfatte undervisningshjelp og kuratering av vitskapelege samlingar på museet.

Det er et vilkår at kandidaten tilfredsstiller opptakskrava til PhD-programmet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kr 491.200 brutto, kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden din må sendast elektronisk på engelsk og skal inkludera:

  • Et motivasjonsbrev om dine forskingsinteresser og grunnar til å søkje stillinga (maksimalt ei A4-side)
  • Namna og kontaktinformasjonen for to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiar for masteroppgåva eller ansvarleg for eit forskingsprosjekt der søkjaren har hatt ei relevant deltaking
  • CV (maksimalt 2 sider) med namn, kontaktar, kvalifikasjonar, arbeidserfaring og publikasjonsliste (dersom du har ei).
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting på at masteroppgåva er levert
  • Relevante sertifikat/ referansar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar i ditt namn

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Manuel Malaquias,(Manuel.Malaquias@uib.no), Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må til ei kvar tid retta seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS