LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i marin økologi

Søknadsfrist: 15.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for biovitskap (BIO) og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i marin økologi. Stillinga er del av prosjektet «Climate Narratives» som har fleirfagleg samarbeid med geofysisk og samfunnsvitskapeleg forsking. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid; undervisning og fleirfagleg samarbeid med andre prosjektdeltakarar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Doktorgradstillinga er ein del av prosjektet «Climate Narratives» som vil bruke Diskobukta som studieområde for eit luft-is-hav system på Grønland. «Climate Narratives» vil auke vår forståing av klimaendringar på Grønland og i det sørvestlege Stillehavet, og dessutan arbeide for betre utveksling av kunnskap og data om klima og natur med lokale samfunn. Det overordna prosjektmålet er å saman skape ny kunnskap for betre å kunne vurdere relevansen av fysiske og biologiske endringar og deira samfunnsmessige konsekvensar. Det er to andre ph.d.-stillingar i «Climate Narratives», ei ved Geofysisk institutt og ei ved University of the South Pacific.

Ph.d.-prosjektet i marin økologi vil fokusere på sesongvekslingane i det pelagiske økosystemet og på dei økologiske koplingane i Diskobukta. Hovudmålet med ph.d.-prosjektet er å oppnå betre forståing av korleis endra fysiske forhold i Diskobukta påverkar biologiske prosessar i pelagialen. Vi vil særleg studere dyreplankton og deira variasjonar i mengde og artar gjennom året, inkludert når på året ulike livsstadium førekjem. Eit av hovudmåla er å skilje effektane landbaserte prosessar, så som isbresmelting, og havbaserte prosessar, så som sjøis og havstraumar, har på økologien i bukta. Vi har fokus på sesongmessig dynamikk hos desse drivarane og i dei biologiske interaksjonane.

Vi vil arbeide med datasett basert på tidlegare feltarbeid og legge til ytterlegare prøvetaking (særleg av dyreplankton) gjennom prosjektåra. Laboratorieeksperiment og økologisk modellering er også blant metodane vi vil nytte. Feltarbeidet vert godt samordna med eit pågåande overvakingsprogram. Ph.d.-kandidaten vil samarbeide med kandidaten som vert tilsett i den parallelle prosjektstillinga ved Geofysisk institutt, og vi tar sikte på både god meirverdi og felles rettleiing.

Hovudrettleiar for ph.d.-stillinga vil vere professor Øystein Varpe, og medrettleiarar vil vere professor Lars H. Smedsrud (Geofysisk institutt) og professor Torkel Gissel Nielsen (DTU Denmark). Det er forventa at ph.d.-kandidaten vil bruke tid i Ilulissat (Grønland) og ta del i feltarbeid på havisen om vinteren og om bord på det lokale forskingsfartøyet på andre tider av året. Doktoranden vil ha tilgang til eit lag av fleirfaglege forskarar gjennom «Climate Narratives»-prosjektet, og det vil bli oppmuntra til og lagt til rette for fleirfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i økologi, marin biologi eller evolusjonær økologi (eller nærliggande fagområde). Alternativt må søkjaren ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ei djup forståing av økologiske prosessar er eit krav.
  • Det er ein stor fordel med erfaring frå studiar av økologiske interaksjonar og prosessar i den pelagiske delen av marine økosystem.
  • Erfaring frå statistisk analyse av økologiske data er ein fordel
  • Erfaring frå feltarbeid frå båt og i polare område er ein fordel.
  • Erfaring frå skjeringspunkt mellom fysisk oseanografi og marinbiologi er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må meistre både skriftleg og munnleg engelsk, og ha gode kommunikasjonsevner.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 eller 4 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing (maksimum to sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, inkludert litt om søkjaren sine idear til forsking innafor prosjektrammene.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Øystein Vare (oystein.varpe@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS