LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Utstillingsteknikar (Universitetsmuseet) - Avdeling for forskingskommunikasjon

Søknadsfrist: 02.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Utstillingsteknikar ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for forskingskommunikasjon

Universitetsmuseet i BergenUniversitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi.

Til museet ligg òg ansvaret for utgravingsverksemda i medfør av Kulturminnelova med forskrifter, samt for Arboretet og to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for Universitetet i Bergen (UiB).

Museet har om lag 140 årsverk fordelt på om lag 200 tilsette.

Utstillingsteknikar

Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ei 100% stilling som utstillingsteknikar i faggruppa Koordinering og kommunikasjon ved Avdeling for forskingskommunikasjon, med tiltreding snarast.Universitetsmuseet er ein del av Universitetet i Bergen og ein viktig møteplass mellom akademia og samfunn.

Avdeling for forskingskommunikasjon legg til rette for dialog rundt UiB sine ulike forskingsprosjekt og gir innsyn i kva form for kunnskap eit universitet produserer for samfunnet og korleis kunnskap blir produsert. Gjennom ulike formidlingsformat og -metodar og gjennom museets mangfaldige samlingar av gjenstandar, kommuniserer Avdelinga forskinga ved Universitetsmuseet og Universitetet i Bergen – frå forskingsgrupper, prosjekt og klynger, frå institutt og senter, og frå enkeltforskarar. Det er ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet. Avdelinga bidrar og til forskingskommunikasjon i samband med eksternfinansierte prosjekt ved UiB.

Stillinga som utstillingsteknikar inngår i faggruppa Koordinering og kommunikasjon. Faggruppa har mellom anna driftsansvar for museets to museumsbygg og er ansvarleg for å koordinere og gjennomføre avdelinga sin utstillingsproduksjon saman med faggruppa Innholds- og utstillingsproduksjon.

Utstillingsteknikaren vil ha driftsansvar for museets basisutstillingar og vil vere med i prosessen med planlegging og utvikling av løysingar, bygging og montering av museets nye utstillingar. Opplæring av tilsette vil til tider inngå som ei arbeidsoppgåve, og det er ein føresetnad med god forståing for HMS.

Utstillingsteknikar rapporterer direkte til faggruppeleiar. Personalansvaret for stillinga ligg hjå avdelingsleiar.Noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for vedlikehald og drift av basisutstillingar og publikumsareal i museumsbygga Haakon Sheteligsplass 10 (Kulturhistorie) og Muséplassen 3 (Naturhistorie) og handtering av eventuelle avvik i utstillingar og bygg på ein adekvat måte
  • Koordineringsansvar for Avdelinga sine reiskap og utstillingsproduksjonsutstyr
  • Bistå i planlegging og gjennomføring av utstillingsprosjekt med særskilt ansvar for bygging, montering og demontering av utstillingar
  • Overvake og kvalitetssikre at anskaffingar og monteringar i museumsbygga er i samsvar med krav til gjeldande regelverk og rutinar i samråd med resten av avdelinga
  • Ha ansvar for implementering av tiltak i forbindelse med universell utforming (UU)
  • Andre oppgåver etter avtale med nærmaste leiar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein nevenyttig, kreativ, kvalitetsbevisst og nøyaktig person med eit heilskapleg blikk for utstillingsproduksjon frå konseptfase til realisering.

Vedkommande må vere fleksibel og løysingsorientert og ha evna til å arbeide sjølvstendig og samarbeide godt i team. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Beskriving av kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning på fortrinnsvis masternivå innan eit aktuelt fagområde. Relevant praksis frå byggeprosessar og/eller utstillingsproduksjon eller liknande kan svare til manglande formell utdanning
  • Erfaring frå teknisk planlegging og produksjon av utstillingar eller tilsvarande
  • Kunnskap om og erfaring med prosjektverksemd og god forståing for arbeidsvilkår innan tidsavgrensa prosjekt og kompetanseoverskridande samarbeid
  • Kjennskap til gjeldande tekniske standardar innan utstillingsproduksjon (veggsystem, AV-teknologi, UU osv.)
  • Erfaring med HMS- og driftsarbeid
  • Kompetanse innan bruk av lyd og lys i arrangement- og utstillingsamanheng
  • Erfaring med bruk av ulike material som metall, treverk, pleksiglass eller liknande
  • Munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk. Arbeidsspråket er norsk og det er ei føresetnad for stillinga at den tilsette forpliktar seg til å lære norsk innan to år etter tilsetting, dersom ein ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetting.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om programvarer innan CAD og 3D som Sketchup, FormZ, ArchiCAD, Fusion 360 og SolidWorks, og innan Adobe CC pakken (Photoshop, Indesign, Illustrator m.m.)
  • Forståing for grensesnittet mellom freda bygningar og utstillingar
  • Førarkort klasse B

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stillingkode som overingeniør (kode 1087) i lønnssteg 53-59 (483 700 – 534 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Faggruppeleiar Marit Kjeksrud Amundsen, telefon 95898506

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS