Overingeniør (vikar) - Institutt for fysikk og teknologi (IFT)
Søknadsfrist: 17.01.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør (vikar)
Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig eit vikariat som overingeniør for ein periode på eitt år. Stillinga er knytt til gruppa for subatomær fysikk.
Gruppa deltar i ATLAS-eksperimentet ved CERNs LHC (Large Hadron Collider). Dette eksperimentet står føre ei større oppgradering der store delar av detektorsystemet skal bli bytta ut. Stillinga er knytt til NFR-prosjektet NORLHC, som finansierer dei norske bidraga til denne oppgraderinga. Ved IFT blir det bygd opp eit laboratorium for utprøving og kvalitetssikring av piksel-sensormodular. Piksel-sensormodulane er produsert i silisium, basert på halvleiarteknologi. Modulane blir satt saman ved Universitet i Oslo og blir deretter sendt til IFT for testing og kvalitetssikring. Produksjon og kvalitetssikring går føre seg i nært samarbeid med forskargrupper frå heile verda.
Arbeidsoppgåver:
Det er venta at den som vert tilsett, skal spele ei leiande rolle i fullføringa av utviklingsarbeidet av laboratoriet. Dette inneber nødvendig utviklingsarbeid innafor elektronikk og styringssystem og noko arbeid med mekanisk oppsett av systema. Programvareutvikling kan også bli aktuelt. Mot slutten av vikariatet blir det aktuelt å leie arbeidet med utprøving av prototypemodular.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha høgare utdanning på mastergradsnivå innan fysikk/elektronikk eller anna relevant fagområde. Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Grunnleggjande IT-kompetanse er nødvendig.
Erfaring med utforming av elektroniske kretsar og utlegg er ein klar fordel.
Erfaring frå arbeid med eksperimentelle oppstillingar i fysikklaboratorium er ein fordel.
Kunnskapar innan programmering er ein klar fordel.
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er nødvendig.
Den tilsette må kunne arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert, slik at nødvendige initiativ til samarbeid blir tatt.
Vi tilbyr:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53–58 (for tida kr 474 500 - 516 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.