Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 er det ledig ei mellombels stilling (100%) som overingeniør for ein periode på 22 månader. Stillinga er finansiert av Kreftforeningen via prosjektet «Early molecular events in pancreatic cancer - The interplay of cellular stress and KRAS mutations». Overingeniøren vil arbeide ved Gades laboratorium for patologi, Klinisk institutt 1 som har areal i Sentralblokken, Haukeland universitetssjukehus.
Vi søkjer etter ein dedikert person som skal arbeide hovudsakeleg med dyremodellar for human sjukdom, men og med molekylære og cellulære teknikkar, i ei forskingsgruppe som studerer patologiske mekanismar i bukspyttkjertelen. Overingeniøren vil jobbe saman med forskarar, PhD-studentar og masterstudentar i eit tverrfagleg og aktivt miljø
Arbeidsoppgåver:
Handsaming av forsøksdyr (mus), både rutineprosedyrar og særskilte eksperiment
Genotyping av forsøksdyr og humane DNA-prøver
Utføre molekylære analyser som t.d. sanntids-PCR
Dyrke og transfektere celler i kultur
Utføre proteinanalysar som t.d. Westernblot
Mikroskopering av celler og vev
Organisere biobankmateriale og reagensar i laboratoriet
Dokumentasjon av alle gjennomførte prosedyrar og utfall, og tolking av desse saman med andre i forskingsgruppa
Gje generell teknisk støtte i forskingsgruppa for god gjennomføring av forskingsaktivitetar og vedlikehald av fasilitetar/utstyr
Gje støtte og trening til akademiske/tekniske medarbeidarar og studentar i dyreforsøk og spesifikke eksperimentelle teknikkar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad innanfor molekylærbiologi, cellebiologi, biomedisin eller tilsvarande fag.
Stor røynsle i handtering av forsøksdyr (mus)
Røynsle i teknikkar for å isolere og studere nukleinsyrer og protein
Røynsle i celledyrking og analysering av celler
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, samt flytande engelsk, skriftleg og munnleg, på eit teknisk/vitskapeleg nivå
Søkjarar kan ikkje ha allergi mot kjemikal som vert handsama med vanlege sikringstiltak.
Dersom den som vert tilsett, ikkje frå før har kurs i forsøksdyrlære (kategori C etter dei norske myndigheitene sine krav), vil ein bli pålagt å gå gjennom slik opplæring, samt eventuelle andre relevante kurs.
Føremon med:
Røynsle i studiar av sjukdom i bukspyttkjertelen og/eller diabetesforsking
Røynsle i molekylærgenetiske analysar i samband med human sjukdom
Røynsle i handsaming av blodprøvar og anna biologisk materiale
Noko røynsle i bioinformatiske metodar
Vi søkjer ein person som:
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Kan jobbe sjølvstendig og er god på problemløysing
Er nøye og har fokus på detaljar
Er villig til å ta ansvar for prosessar og følgje dei til dei er fullførde
Syner initiativ og har god arbeidskapasitet
Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og område
Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
Er fleksibel og innstilt på å hjelpe
Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
Løn i stilling som overingeniør (kode 1087) er fortida kr. 493 700 – 526 100 (lønssteg 53-57). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Anders Molven, Klinisk institutt 1 per e-post anders.molven@uib.no eller telefon 55973169
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.