LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 21.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Institutt for informatikk, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som overingeniør.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar.

Om arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett skal vere knytt til fagdidaktikkgruppa, som har blant anna har ansvar for undervisninga for nokre av dei største kursa vi undervisar ved instituttet.

Stillinga omfattar assistanse til didaktikkgruppa i utvikling og kvalitetsikring av undervisninga ved Institutt for Informatikk.

Arbeidsoppgåvene i denne stillinga kan grovt delast i to:

1. Teknisk assistanse

  • Utvikling av script for automatisk retting og tilbakemelding til studentar
  • Være instituttet sin tekniske kontaktperson for koderetteprogrammet Codegrade
  • Videreutvikling og vedlikehald av digitale verktøy brukt i undervisningssamanheng
  • Lage instruksjonsmateriell for teknisk oppsett («Kom i gang med Git», «Korleis bruke dette testrammeverket» og så vidare)
  • Oppset og bruk av gitlab, MittUiB og virtuelle maskiner

2. Innhaldsutvikling

  • Utvikling av kode, instruksjonar og rettleiing for arbeidsoppgåver i hovudsak i emna som undervisast av didaktikkgruppa (INF100, INF101, INF102 og INF113)
  • Generell støtte til didaktisk forsking i gruppa

Arbeidsoppgåvene over vil variere i omfang i høve til på behovet i forskingsgruppa, og dessutan kandidaten sine kvalifikasjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar bør ha utdanning på mastergradsnivå innanfor informatikk eller anna relevant fagfelt. Relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ein føremon om du er komfortabel med Git kommandolinje, har enkle Linux sysadmin-ferdigheiter (til dømes kunne administrere en virtuell maskin), skriptbasert interaksjon med web-API’er (eksisterande skript er i Python)
  • Du bør ha kjennskap til unit-testing (til dømes. pytest, JUnit)
  • Du må ha kjennskap minst eit av programmeringsspråka, Python eller Java, C.
  • Du må ha gode programmeringsferdigheiter.
  • Det er ein føremon om du har erfaring med undervisning.
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar, mellom anna for å kunne skrive rettleiingar, oppgåvetekstar og andre dokument.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar blir vektlagt, mellom anna:

- gode kommunikasjons- og formidlingsevner skriftleg og munnleg

- evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt o evne til å ta initiativ

- gode samarbeidsevner

- fleksibilitet og god serviceinnstilling

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 58-64 (for tida kr 524 900– 583 500) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din bakgrunn og motivasjonen for stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål
  • Relevante attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 21.08.2022.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med HR rådgiver Lene Sørheim.

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS