Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør innan maleri (20 %)
Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig ei 20 % fast stilling som overingeniør innan fagområdet maleri. Stillinga vil inngå i eit kollegium på KMD i Seksjon for verkstader og tekniske tenester som i dag har verkstadar innan fagfelta grafikk, tre og metall, fotografi, keramikk, tekstil, modell, risograf og digitale verkstadar. Primær arbeidsstad for stillinga er maleriverkstaden som ligg i fakultetet sine lokalar i Møllendalsveien. Stillinga rapporterer til verkstadleiar/seksjonsleiar under fakultetsdirektøren.
Arbeidsoppgåver:
Overingeniøren har ansvar for drift, vedlikehald og organisering av maleriverkstad, samt utsal av materialar.
Overingeniøren skal i samarbeid med kunstnarleg/vitskapleg stab legge til rette for høg kvalitet i utdanningstilbodet til studentane, samt forsking, ved fakultetet.
I stillinga inngår drift og ansvar for utstyr og fasilitetar på fakultetets maleriverkstad, medrekna:
Drift, vedlikehald og organisering av verkstaden
Innkjøp og sal av materialar og utstyr
Planlegge og strukturere tilgang på verkstaden i samarbeid med fagstab på institutta, samt undervisning av større grupper
Organisere og gjennomføre grunnleggende maleri-innføring med studenter i gruppe
Kvalifikasjonar:
Søkar må ha utdanning på bachelorgradsnivå innan relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning.
Søkar må ha dokumentert erfaring med teknikkar knytt til maleri
Søkar bør ha erfaring med drift av verkstad og kunnskap om bruk og vedlikehald av verktøy og teknisk utstyr
Det er ein fordel med erfaring frå opplæring/undervisning
Søkar bør ha god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk/skandinavisk og engelsk
God administrativ IT-kompetanse og generell kompetanse i data
Personlege eigenskapar:
Serviceinnstilt, omgjengeleg, og fleksibel
Evne til å arbeida effektivt, systematisk, nøyaktig og ryddig
Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
Kvalitetsbevisst og resultatorientert
Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima
Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søker og kvifor du passar til stillinga
CV
Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 - 58 (for tida kr 493 700 - 534 900 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.