LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Kjemisk institutt

Søknadsfrist: 20.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør. Stillinga er knytt til drifta av instituttet sine laboratorium innanfor kromatografi.

Kjemisk institutt driv forsking og undervisning i kjemifaget si fulle breidde. Forskingsaktiviteten og undervisninga medfører utstrakt bruk av avansert instrumentering som er organisert som ulike laboratoriefasilitetar. Kromatografifasilitetane våre består for tida av åtte gasskromatografar (MS- og FI-deteksjon) og fem høgtrykks væskekromatografar (UV- og RI-deteksjon). Desse laboratoria vert i hovudsak nytta av Master- og Ph.D-studentar frå instituttet sine forskingsgrupper, samt i emneundervisninga ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene omfattar bruk av standard og avansert kromatografisk instrumentering i hovudsak på kjemisk materiale. Høg teknisk kompetanse på relevant instrumentering, teknikkar og i nokon grad kjemiske problemstillingar er viktig for stillinga.

Den som vert tilsett skal:

  • Ha hovudansvar for instituttet sine laboratorium innan kromatografi.
  • Gje opplæring i basal og avansert bruk samt enkelt vedlikehald av instrumenteringa, og å hjelpe brukarane med instrumentell, teknisk og metodisk oppfølging i forhold til det som til ei kvar tid utgjer beste praksis og kunnskap for denne typen instrumentering.
  • Utføre førebyggjande vedlikehald og service av den tilhøyrande instrumentparken, samt oppfølging i forhold til gjeldande normer for datalagring og nettverk.
  • Tilby brukarane moderne grensesnitt for tilgang til instrumentering og måledata.
  • Gjennomføre dataopptak ved behov.
  • Arbeidsoppgåvene omfattar dagleg drift av kromatografilaboratoria, samt rutinemessig oppfølging/ettersyn av tilhøyrande infrastruktur.
  • Stillinga vert også tillagt arbeidsoppgåver knytt til undervisning på laboratoriekursa som nyttar seg av kromatografilaboratoria.

Den som vert tilsett må rekne med endringar i arbeidsoppgåver over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Det vert kravd høgare utdanning innanfor fagområdet kjemi frå universitet eller høgskule. Lang, relevant praksis/erfaring kombinert med relevant etter- og vidareut-danning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Den rette kandidaten har kompetanse innan analytisk kjemi med kromatografi (gasskromatografi og væskekromatografi) som sentralt spesialfelt.
  • Kandidaten må vere løysingsorientert og ha innsikt i tekniske problemstillingar knytt til avansert kjemisk instrumentering og spesielt innan kromatografisk instrumentering.
  • Motivasjon for og evne til å halde seg oppdatert på forsking og utviklingar som skjer innan kromatografi, er ein føresetnad.
  • Det er ein vesentleg føremon med solid kunnskap/erfaring med teknisk vedlikehald og service av gass- og væskekromatografar eller liknande instrumentering samt metodeutvikling innan gass- og væskekromatografi.
  • Gode kunnskapar innan IT og nettverk vil bli vektlagt
  • Kjennskap til og gjerne erfaring med bruk av programvare innan kromatografi tel positivt.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig, vere serviceinnstilt, ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og samtidig arbeide for at instituttet sine behov innan kromatografiske analyser vert dekka på ein fullgod måte.
  • Kandidaten må kunne uttrykke seg godt både skriftleg og munnleg på eit av dei skandinaviske språka samt på engelsk.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som overingeniør etter lønssteg 53-58 (kode 1087) i det statlege lønsregulativ, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 464 800 – 505 800.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Bjarte Holmelid, Kjemisk institutt, UiB, e-post: bjarte.holmelid@kj.uib.no, tlf: 55588229

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS