Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør
Ved Institutt for biovitenskap (BIO) (www.uib.no/bio) er det ledig ein fast stilling som overingeniør knytt til forskingsgruppa i miljøtoksikologi under faggruppe Miljø- og havbruksbiologi.
Den som blir tilsett skal primært assistere vitskapleg personale i forsking og undervisning i miljøtoksikologi, og vil få sjølvstendig ansvar for å utvikle og vedlikehalde laboratoria og for metodeundervisning og -rettleiing.
Arbeidsoppgåver
Oppsyn med infrastruktur og instrument i forskingslaboratoria
Ansvar for innkjøp og oppbevaring av reagensar og kjemikaliar
Rettleiing i metodar knytt til forsking i miljøtoksikologi på bachelor-, master- og doktorgradsnivå
Forberede til og delta som assistent på laboratoriekurs i miljøtoksikologi
Delta i og assistere ved pågåande forskingsprosjekt i miljøtoksikologi og medverke til metodeutvikling
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha høgare utdanning på mastergradsnivå innan miljøtoksikologi, molekylærbiologi eller anna relevant fagområde. Relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring med molekylærbiologiske og cellebiologiske metodar er eit krav
Kurs i forsøksdyrlære er eit krav
Søkjarane må ikkje være allergiske mot dyr eller kjemikaliar
Gode kunnskapar innan miljøtoksikologi er ein føremon
Undervisningserfaring på universitetsnivå er ein føremon
Erfaring med HMS-arbeid er ein føremon
Erfaring med forsøk på fisk er ein føremon
Søkjarar må kunne nytte norsk og engelsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide både sjølvstendig og i gruppe
Løysings- og resultatorientert i tråd med krava for ulike oppgåver og ansvarsområde
Biologisk forståing og erfaring frå forskingsarbeid, helst innan miljøtoksikologi
Evne og vilje til å løyse tekniske/metodiske utfordringar, handtere utfordringar raskt, og effektivt løyse komplekse problemstillingar knytt til gjennomføring av undervisning
Evne til samarbeid og til raskt å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
Spanande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent miljø med stor kompetanse innan miljøtoksikologi og marin forsking
Arbeid i moderne og avanserte laboratorium med variert forsking
Tilknyting til ein god fagleg og sosialt velfungerande forskingsgruppe
Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrakt kontakt med andre fagmiljø
Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 - 58(for tida kr 472 000- 513 600) ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Generelt for tekniske stillinger ved Institutt for biovitenskap
Arbeidsoppgåvene for stillinga vil kunne endre seg over tid, etter behovet til instituttet. Den som blir tilsett, må ha evne og vilje til å tilpasse seg nye arbeidsoppgåver, kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i teamarbeid. Alle tilsette i tekniske stillingar vil kunne få ansvar for drift og fellesoppgåver ved instituttet, særleg knytt til laboratoriedrift, undervisning og HMS.
Ved instituttet er det etablert ei ordning med beredskapsvakt. Den som blir tilsett må vere forberedt på å delta i vaktlaget for beredskapsvakta.
I periodar må det påreknast å arbeide i helger og utanom normal arbeidstid.
Stillinga vil innebere arbeid med kjemikaliar og eventuelt dyr.
Kandidatar med erfaring frå tekniske stillingar, eller som viser klar motivasjon for ein slik karriereveg, vert føretrekte.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Forskingsgruppeleiar førsteamanuensis Odd André Karlsen (telefon: +47 55584651 / e-post: odd.karlsen@uib.no) eller
Professor Anders Goksøyr (telefon: +47 55584403 / e-post: anders.goksoyr@uib.no)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.