LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Rådgjevar / Seniorrådgjevar - Utdanningsavdelinga

Søknadsfrist: 15.06.2023

Nord universitet

Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skapa ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.

I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjar våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.


Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.

Om stillingen

Ved Nord universitet, Utdanningsavdelinga er det ledig ei mellombels 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar, med varigheit på eit år frå oppstart, med moglegheit for fast tilsetjing. Det er ynskjeleg at søkjar kan tiltre i stillinga frå august/september 2023. Stillinga er plassert i Utdanningsavdelingas stab, og rapporterar direkte til studiedirektør.

Utdanningsavdelinga ivaretek fleire oppgaver i universitetet, med hovedvekt på utdanningskvalitet, læringsmiljø og utvekling av dei studieadministrative rutinane innafor utdanning. I tillegg har me institusjonsanvar for skikkethetsvurdeing i utdanningane og forvalter skikkethetsforskrifta på vegne av universietet.

Stillinga kan ha kontorstad i Bodø, Mo i Rana, Nesna, Namsos eller Levanger.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling knytta til skikkethetssaker gjennom kartlegjing, oppføljing og veiledning i enkeltsaker
  • Eventuelt inneha rolla som institusjonsansvarleg for skikkethet
  • Veiledning og oppføljing i skikkethetssaker
  • Opplæring og veiledning av ansatte innenfor skikkethetsarbeid
  • Arbeid i samanheng med kvalitetssystemet, med særleg vekt på reakkreditering av studieprogram
  • Deltaking i prosjektarbeid, eventuelt også prosjektleieing
  • Andre oppgåver som naturlig fell innafor arbeidet i Utdanningsavdelinga

Kvalifikasjonskrav

  • For tilsetjing i stilling som rådgjevar / seniorrådgjevar krev vi relevant utdanning frå universitet eller høgskole, mastergrad eller tilsvarande. Lang og relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • For tilsetjing i stilling som seniorrådgjevar er det vidare ei forutsetning med omfattande relevant fagadministrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar

Andre kvalifikasjonar og personlige eigenskapar

  • Erfaring frå offentleg forvalting, samt kjennskap til universitets- og høgskolesektoren og fakultetet sine utdanningar vil bli vektlagd
  • Erfaring frå profesjonsutdanning/profesjonsyrke vektlegjast
  • Erfaring/utdanning innafor veiledning og rådgjevning
  • Erfaring frå arbeid med saksbehandling og kjennskap til forvaltningslova
  • Evne til å arbeide systematisk, strukturert og sjølvstendig med fleire parallelle prosessar
  • Serviceinnstilling, initiativrik og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ha kunnskap og erfaring frå store organisasjonar med stor administrativ og fagleg kompleksitet
  • Erfaring med bruk av relevante IKT-verktøy
  • Ha særleg god formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
  • Om ein er personleg eigna vil bli vekta i stor grad

Vi tilbyr

Stillinga blir løna etter Statens regulativ,

  • kode 1434 rådgjevar -, NOK 575 400,- - 679 700 ,- i året
  • alternativt kode 1364 seniorrådgjevar - NOK 615 700 – 759 100 ,- i året

Løn ut frå ansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn avtalas.

Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontakt

Nærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

Søknad

Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 15.06.2023

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Referanse: 30071548

Søk på stillingen

fnokode:1234

Powered by Labrador CMS