LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL

Søknadsfrist: 14.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent på prosjekt om ikkje-manuelle markørar i teiknspråk

Velkomen som søkjar til ei mellombels 35 % stilling som vitskapleg assistent ved prosjektet NONMANUAL ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Tilsetjing i stillinga er for åremålsperioden 17.06.2024-31.12.2024, med moglegheit for forlenging. Oppstart i stillinga er 17.06.2024 eller etter avtale.

Om prosjektet

Prosjektet NONMANUAL skal studere ansiktsuttrykk, kropps- og hovudbevegelsar i fem ulike teiknspråk, med bruk av store datasett, maskinsyn og avansert statistisk analyse. Prosjektet er finansiert av ERC Starting Grant til Vadim Kimmelman, 2023-2027. 

Meir informasjon om prosjektet her.

Om instituttet

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Arbeidsoppgåver

  • Annotering og analyse av teiknspråkdata frå forskjellige teiknspråk, spesielt frå tysk teiknspråk.
  • Studering av litteratur om relevante tema. 
  • Nokre praktiske/organisatoriske oppgåver.
  • Andre oppgåver i prosjektet etter avtale.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Du må ha studiepoeng i språkfag (lingvistikk eller tolking i teiknspråk).
  • Du må ha gode kunnskapar i et teiknspråk.
  • Erfaring med annoteringsarbeid med ELAN er ein stor fordel. 
  • Du må ha gode engelskkunnskapar, sidan prosjektet er internasjonalt.
  • Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon.
  • Du må ha interesse for teiknspråklingvistikk og personleg motivasjon for stillinga.

Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 51 for dei med mastergrad (kode 1020, kr. 508 900 brutto per år for full stilling), lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (kode 1019, kr. 448 500 brutto per år for full stilling) og lønssteg 35 for dei utan fullført grad (kode 1018, kr. 413 800 brutto per år for full stilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei IA-verksemd (Inkluderande arbeidsliv).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga: 

Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.

Søkjaren må fylle ut det elektroniske cv-skjemaet, og søknaden må innehalda:

  • Ein kort presentasjon av søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar og motivasjon for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfesta kopiar).
  • Relevante stadfestingar og attestar.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på engelsk, norsk eller eit skandinavisk språk, eventuelt attesterte omsetjingar til desse språka.Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Generell informasjon:

Spørsmål kan rettast til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS