Har du lyst til å jobbe med formidling av helsestatistikk?
Rådgjevar - Forsking og innovasjon
Søknadsfrist: 15.08.2025
Publisert
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Førde lyser ut eit engasjement i 100% stilling i eit år som rådgjevar i seksjon for forsking og innovasjon.
Seksjonen er ein del av fag -og utviklingsavdelinga i Helse Førde og har om lag 20 medarbeidarar. Vi driftar Samhandlingssbarometeret (www.samhandlingsbarometeret.no) og Helseatlas (www.helseatlas.no), som er nasjonale verktøy for kunnskapsbasert forbetringsarbeid og styring i helsetenesta. Teamet som jobbar med desse verktøya er tverrfagleg samansett og har ein eigen teamleiar som rapporterer til seksjonsleiar.
Vi søkjer ein engasjert rådgjevar med høg digital kompetanse som vil bidra til å styrke formidlingsarbeidet i Samhandlingsbarometeret og Helsealtas. Du vil jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag og bidra til å gjere statistikk i nettportalane meir tilgjengelege for brukarane. Nettportalane vert mellom anna brukt av tilsette i sjukehus, primærhelsetenesta, leiarar i kommunar og helsefellesskap. Om stillingaSom rådgjevar i teamet vil du jobbe i skjæringspunktet mellom teknologi og kommunikasjon. Du vil få ei nøkkelrolle med overordna ansvar for drift av www.samhandlingsbarometeret.no. Nettportalane inneheld komplekse data som må omsetjast til forståeleg informasjon for brukarane. Stillinga gir deg høve til å legge til rette for betre dialog mellom tenestenivåa i helsetenesta.
Hjå oss vil du samarbeide med kollegaer frå mange ulike fagfelt, og ha ei viktig rolle både i tekniske spørsmål knytt til dei digitale plattformane og innan kommunikasjon generelt. Du får også moglegheit til å samarbeide med kollegaer i Helse Vest, andre helseforetak utanfor regionen og andre nasjonale aktørar.
Samhandlingsbarometeret og del av Helseatlas vert forvalta og drifta av Helse Førde på oppdrag frå Helse Vest RHF. Arbeidet skjer i tett samarbeid med kommunar, helseforetak, helsefellesskap og andre nasjonale miljø.
Kontorstad for stillinga er i Førde.Oppstart etter avtale, så snart som råd.
Rådgjeving og støtte til samarbeidspartnarar i bruk av nettportalen
Formidling av innhald på nettsider og sosiale medium
Strategisk kommunikasjonsrådgjeving knytt til formidling av statistiske resultat og data frå nettportalen
Bidra til gode brukaropplevingar og sikre universell utforming av nettportalen
Arbeide med forslag til ny netttside under "Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten" som er under arbeid
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, medie- og informasjonsvitskap eller tilsvarande
Erfaring med innhaldsproduksjon for nett og sosiale medium
God digital kompetanse og forståing for brukarretta kommunikasjon
Erfaring med bruk av publiseringsverktøy
Erfaring med visuell framstilling og tolking av data
Kjennskap til helsesektoren og offentleg forvaltning er eit fordel
Personlege eigenskapar
Du jobbar sjølvstendig, strukturert og målretta
Du trivast med å samarbeide på tvers av fagmiljø og nivå
Du har god skriftleg formidlingsevne på nynorsk
Du er kreativ, nysgjerrig og har evne til å forenkle det komplekse
Du held deg oppdatert på trendar og utvikling innan digital kommunikasjon
Vi tilbyr
Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver
Tverrfagleg miljø
Fleksibel arbidstid
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.