LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent i digital kultur

Søknadsfrist: 31.07.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent i digital kultur

Velkomen som søkjar til ei mellombels 20 % stilling som vitskapleg assistent ved Senter for digitale forteljingar på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Startdato er 1. september 2024 eller etter avtale, og sluttdato er 30. juni 2025. Det kan bli aktuelt med forlenging.

Stillinga er knytt til Senter for digitale forteljingar og det ERC-finansierte prosjektet AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence, leia av professor Jill Walker Rettberg. Kunstig intelligens (KI) vert trent opp gjennom ei rekke ulike datasett. Forskingsprosjektet utforskar korleis forteljingar som inngår i desse datasetta påverkar tekstar skapt av generativ KI. 

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid for vitskaplege assistentar kan ikkje overstige to år. Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarande kompetanse, kan ikkje tilsetjast i stillinga.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal støtte forskarteamet med t.d. å:

  • Søkje etter litteratur og skrive samandrag av forsking på narratologi, krysskulturelle forteljartradisjonar, forteljingar i sosiale medium og forteljingar i treningsdatasett til kunstig intelligens.
  • Nytte Zotero til referansehandtering for forskarteamet.
  • Bidra til forskingsformidling på web og i sosiale medium.
  • Ordne innkallingar og referat frå møter i forskingsteamet.
  • Organisere seminar og andre arrangement.
  • Ha kontakt med tilreisande gjesteforskarar.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjaren må ha bachelorgrad i digital kultur eller eit anna relevant fag, som t.d. medievitskap, kunsthistorie, litteraturvitskap og andre litteraturfag, kulturvitskap eller antropologi. 
  • Forsking (t.d. eit masterprosjekt eller semesteroppgåver) med relevans for prosjektet er ein føremon.
  • Fagleg eller personleg erfaring med mangfald og minoritetskulturar er ein føremon, da forskingsprosjektet mellom anna utforskar diskriminering og kunstig intelligens.
  • Erfaring med administrasjon, koordinering eller formidling frå arbeidsliv eller frivillige organisasjonar er ein føremon.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, velorganisert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må ha gode kunnskapar i engelsk og norsk.

I vurderinga av søkjarane vert hovudvekta lagt på relevant erfaring og kvaliteten i søknaden og relevansen for forskinga i AI STORIES-prosjektet. Dersom dei rangerte søkjarane har tilnærma like kvalifikasjonar, vil det òg bli lagt vekt på strategiske omsyn, motivasjon og i kva grad søkjaren er personleg eigna. 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 51 for dei med mastergrad (kode 1020, bruttoårsløn kr. 509 300 i full stilling), lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (kode 1019, bruttoårsløn kr. 448 900 i full stilling). Vidare opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ein kort søknadstekst som beskriv søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og motivasjon for å søkje stillinga. 
  • CV. 
  • Utskrift og vitnemål som dokumenterer høgare utdanning.
  • Relevante stadfestingar og attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS