LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent (20%) i musikkterapi (Sounding relation) ved Griegakademiet

Søknadsfrist: 24.09.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig 20 % stilling knytt til forskingsprosjektet Sounding Relation, finansiert av Norges forskningsråd. Stillinga er for ein åremålsperiode på to år frå 1. oktober 2023 – 30. september 2025.

Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudsak vil ha oppgåver knytt til forskingsprosjektet «Sounding Relation». Assistenten vil få delta i ei spennande fase for fokusområdet og inngå i eit dynamisk forskingsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg forsking og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Om prosjektet

Den som vert tilsett i stillinga blir knytt til prosjektet Sounding Relation: Use of Music Microanalysis to Explore Parental Contributions to Premature Infant Regulation in the Neonatal Context, finansiert av Norges forskningsråd. Hovudmål med prosjektet er å bruke tverrfaglege perspektiv og musikalsk mikroanalyse for å utforske korleis foreldre til premature barn bidreg til sjølvregulering når dei skaper musikalsk samspel i møte med barnet sitt på nyføddintensivavdelinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå i drifta av prosjektet og ta del i prosjektmøte som blir organisert i prosjektperioden.
  • Ta del i og gjennomføre vitskapleg forsking, førebu data for analyse, transkribere data frå forskingsintervju, bistå i litteratursøk, formidle om prosjektet blant anna på prosjektnettside.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Relevant BA grad, eller tilsvarande utdanningsnivå
  • Kjennskap til forsking relatert til fokusområde (musikkterapi, spedbarn, mikroanalyse)
  • Gode datakunnskapar i Microsoft Word, Excel, PowerPoint
  • Relevant praktisk- og/eller forskingserfaring er ønskeleg

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • God evne til å kommunisere og å oppnå relasjonar med andre menneske, inkludert solide ferdigheiter i både munnleg og skriftleg engelsk.
  • Ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk, spansk eller polsk er ein føremon.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Vere serviceinnstilt og imøtekomande.

Vi tilbyr:

  • Samarbeid med erfarne og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn som vitskapeleg assistent (kode 1019/kode 1020) etter lønssteg 42 - 47 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 448 900 – 480 900 brutto i fulltidsstilling.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål som visar at du har relevant utdanning
  • Søknadsbrev (400-500 ord, tilsvarande ca. 1 A4-side tekst) der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleiar ved Griegakademiet, Randi Rolvsjord, e-post: randi.rolvsjord@uib.no, tlf. +47 97514878, eller 
  • Professor i musikkterapi, Claire Ghetti, tlf. +47 46508095 claire.ghetti@uib.no

Den statlege arrbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS