LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapeleg assistent i jordvitskap/geografi

Søknadsfrist: 16.12.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapeleg assistent i jordvitskap/geografi med fokus på paleogalsiar- og paleoklimarekonstruksjonar.

Det er ledig ei stilling som vitskapeleg assistent i jordvitskap/geografi i faggruppa økologi og evolusjon ved Institutt for biovitskap. Stillinga er for ei åremålsperiode på 2 år. Stillinga er finansiert av Trond Mohn-stiftinga og Universitetet i Bergen, og er assosiert med prosjektet Past, Present, and Future of Alpine Biomes Worldwide (PPF-Alpine). 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektet/arbeidsoppgåver 

PPF-Alpine (Fortid, notid og framtid for alpine biom verdsvidt) er eit tverrfagleg prosjekt som arbeider i skjeringspunktet mellom atmosfæren, kryosfæren og biosfæren i fjellområde verdsvidt. Vårt noverande behov er å utvikle eit sett med produkt relatert til kryosfære- og biosfæremodellering i fjellmiljø basert på forsking frå det globale paleokryosfære- og paleoklimatologimiljøet. Målet vårt er å vurdere glasiar rekonstruksjonar og (paleo) klimamodellvalidasjonar for publisering, formidling og forslagsutvikling, for å auke vår felles forståing av globale telekoblingar av kryosfære- og klimaendringsdynamikk i og rundt fjell.

For dette formålet treng vi no ein kvalifisert kandidat med bakgrunn i jordvitskap/geografi, glasiologi, geografisk informasjonssystem (GIS) og fjernmåling.

Den vitskapelege assistenten vil måtte støtte utviklinga av resultat (figurar og analysar) for publikasjonar i:

  • Globale paleoglasiarsamlingar ved siste glasiale maksimum (LGM) basert på modellering og geospatial rekonstruksjon,
  • Klimamodell-samanlikningar frå notida og LGM,
  • Kunstig intelligens og maskinlæring for framtidige økosystemprognosar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i jordvitskap, geografi eller relaterte felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.01.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan geografisk informasjonssystem (GIS) og fjernmåling, med fokus på glasiarkartlegging og utvikling av geospatial databasar er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan paleoglasiarrekonstruksjonar eller klimamodellvalidasjon er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan grunnleggjande kodeferdigheiter i Python og R er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan programvare som QGIS, ESRI ArcGIS er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse eller grunnleggjande kompetanse i kunstig intelligens (AI) og maskinlæring (ML) er ein fordel.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan tverrfagleg forsking som knyter saman kryosfære- og biosfæremodellering, fjernmåling og klimavitskap er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillingen.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som vitskapeleg assistent

Samla stipendperiode er 2 år. Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom du tidlegare har vore tilsett i ein kvalifiserande post (t.d. forskarstipendiat, vitskapeleg assistent).

Vi tilbyr:

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som vitskapeleg assistent (kode 1020) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 472 900 – 495 200 (tilsvarande lønstrinn 46-49). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.)
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. \

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS