LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentmedarbeidar knytt til mentorordninga - Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist: 28.03.2021

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentmedarbeidar (konsulent) i 30 % stilling

Det psykologiske fakultet, Studieseksjonen, ønskjer deg velkomen som søkjar til to faste delstillingar i 30 % med hovudoppgåver knytt til planlegging og gjennomføring av studentmottaket og mentorordninga ved fakultetet. Arbeidet er knytt opp til oppfølging av studentmentorar, gjennomføring av opplegg, kartlegging av studenter og evaluering av mentorordningen. Det er mogleg med meir arbeid i samband med ferieavvikling og studiestart. Mottak for nye studentar og mentorordninga er viktig for å gi dei nye studentane ein best mogleg oppstart og sikre eit godt læringsmiljø frå første dag.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i planlegging og koordinere mottaket for nye studentar
  • Rekruttere mentorar
  • Gjennomføre opplæring av mentorar
  • Planlegge og organisere mentorordninga ved fakultetet
  • Det kan bli lagt andre arbeidsoppgåver til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God kjennskap til Det psykologiske fakultet ved UiB
  • Utdanning på minimum bachelornivå frå Det psykologiske fakultet, masterstudentar oppfordrast til å søkje
  • det er ein føresetnad med erfaring frå formidling og informasjonsarbeid
  • erfaring med planlegging/organisering er en forutsetning

Vi ser etter deg som er

  • imøtekommande, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • systematisk, initiativrik og er løysingsorientert.
  • komfortabel med å snakke foran en større gruppe, arrangere og styre møter og kunne ta avgjørelser.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga blir vektlagt

Vi tilbyr:

  • Stilling som konsulent (kode 1065) i etter lønnssteg 35-39 avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Årsløn i 100 % stilling utgjer for tida 364.400 - 382 900 i full stilling
  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Gode velferds- og treningstilbod
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse

Generell informasjon:

Du kan få utfyllande opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med:

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektroniselektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS