Instruktørtannlege (2 x 20% fast og 20% vikariat) ved Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 23.05.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege ved Seksjon for periodonti
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig to faste stillingar som instruktørtannlege (20 %) ved Seksjon for periodonti. Stillingane er ledig frå 12. august 2024. Ein føresett at søkjar er tatt opp som kandidat til spesialistutdanning i periodonti ved Universitetet i Bergen.
Det er ledig eit vikariat som instruktørtannlege (20 %) i perioden 12. august 2024 til 16. juni 2025.
Ved tilsetting vert det krevd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av studentar, behandling av institusjonen sine pasientar, rettleiing og vurdering av studentane både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege på tilsetjingsdato. Det er ønskeleg med erfaring frå allmennpraksis, undervisningserfaring og interesse for periodonti. For å få fast tilsetjing er det eit krav med to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege.
Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 646 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 692 400 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Seksjonsleiar ved Seksjon for periodonti, førsteamanuensis Dagmar Fosså Bunæs, e-post: dagmar.bunes@uib.no
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.