Universitetslektor (mellombels) - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
Søknadsfrist: 05.02.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (mellombels) i samband med oppfølging av Universitetet i Bergen sin Humaniorastrategi
Ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei mellombels 100 prosent stilling i åtte månader som universitetslektor. Stillinga er knytt til eit forprosjekt for utvikling av eit framtidsretta studium i digitale språkressursar ved Det humanistiske fakultet, og er finansiert gjennom midlar for oppfølging av Universitetet i Bergen sin Humaniorastrategi . Det er ønskjeleg med oppstart i stillinga snarast mogleg.
Om instituttet
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og ti postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.
Fagmiljøet
Den lingvistiske forskinga ved instituttet fokuserer på teiknspråk, grammatikk, korpusmetodar, eksperimentell psykolingvistikk og maskinlæring. Forskinga på nordisk språk fokuserer mellom anna på grammatikk, leksikografi, terminologi, språkendring og norsk som andrespråk. Instituttet er eit nasjonalt knutepunkt for digitale språkressursar. Språksamlingane administrerer store datasamlingar for norsk språk og forvaltar UiB-ordbøkene og Termportalen. Forskingsgruppa LaMoRE (Language Models and Resources) koordinerer ein nasjonal forskingsinfrastruktur for språk (CLARINO).
Stillingsomtale
Største delen av stillinga er knytt til kartlegging og utvikling. I tillegg kan noko arbeid med utvikling av studiemateriale, undervisning og administrasjon påreknast.
Arbeidet skjer under rettleiing av prosjektkoordinatorar Marita Kristiansen og Koenraad De Smedt, som kan sende ei prosjektbeskriving til kandidatar dersom det er ønskjeleg.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet inneber mellom anna:
Kartlegging av aktuelle fagmiljø og potensielle samarbeidspartnarar.
Behovsanalyse i bedrifter og andre sektorar.
Kartlegging av data og digitale verktøy i infrastruktur og utvikling av dokumentasjon til utdanningsformål.
Kartlegging av eksisterande program, emne og studieadministrative rammer.
Utvikling av reviderte programskisser for bachelor og master, for forskarutdanning og etter- og vidareutdanning.
Utvikling/vidareutvikling av emne retta mot bruk av digitale ressursar og verktøy inkludert studieadministrative aspektu.
Drøfting og justering av planar med fagmiljø, fakultet, eksterne miljø og i høve til infrastruktur.
Rapportering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kandidaten skal ha mastergrad i eit språkvitskapleg studium eller tilsvarande.
Kandidaten skal ha undervisningserfaring i språkvitskaplege emne.
Kandidatar med emne relatert til digitale språkdata og -verktøy i fagkretsen vil bli føretrekte.
Pedagogisk utdanning og erfaring med programutvikling og -evaluering er ein føremon.
God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk er eit krav.
Vi søkjer ein person som
Har eit innovativt blikk på undervisning.
Er initiativrik og engasjert.
Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Er utviklingsorientert og strategisk.
I stor grad er sjølvstendig og løysingsorientert.
Har god arbeidskapasitet og arbeider systematisk.
Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter, inkl. administrative rutinar.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn 517.200 – 593.100 kroner brutto per år (stillingskode 1009, tilsvarande lønssteg 56-64 i statens regulativ). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida ”SØK STILLINGA”.
Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.
Dette må følgje søknaden:
CV.
Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon).
Namn og kontaktinformasjon på tre referansar.
Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
Publikasjonsliste.
Inntil fem relevante vitskaplege eller pedagogiske skriftlege arbeid.
Søknad og vedlegga skal lastast opp i Jobbnorge i i Word- eller pdf-format.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Prosjektkoordinator Marita Kristiansen (tlf: +47 55 58 30 69, eller e-post marita.kristiansen@uib.no) eller
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.