LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i nordisk litteratur - Vikariat (50%)

Søknadsfrist: 24.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i nordisk litteratur – Vikariat (50 %)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei 50 %-stilling som universitetslektor i nordisk litteratur i perioden 3.1.2022 – 27.5.2022.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 35 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Stillingsomtale:

Varierte undervisningsoppgåver innan faget nordisk litteratur, med hovudtyngd på litteraturen etter år 1900.

I vårsemesteret 2022 skal vikaren vere emneansvarleg for kurset NOLI102 (Nordisk litteratur etter 1900), som har eit relativt omfattande pensum med verk frå alle dei fire hovudsjangrane (lyrikk, dramatikk, epikk og sakprosa) frå 1900 og fram til i dag. I tillegg har kurset eit teoripensum og ein innføringsbok i sjangerlære. Arbeidsoppgåvene består av å utarbeide ein undervisningsplan for semesteret, halde forelesningar, lage, rettleie og rette øvingsoppgåver, og dessutan eksamensarbeid. Alt i tett samarbeid med dei andre tilsette ved nordisk litteratur.

Det kan også bli aktuelt å forelese eller bidra med sensurarbeid ved nokre av dei andre kursa ved nordisk litteratur våren 2022. I den grad vikaren har ledig kapasitet, er det også ønskeleg at vedkomande deltar i forskargruppa ved nordisk litteratur, og i masterforumet, som er ei kollektiv rettleiing av masterstudentar.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som blir tilsett i stillinga, må ha mastergrad eller tilsvarande i nordisk litteratur eller litteraturvitskap. Det er ein føremon med erfaring frå undervisning i nordisk litteratur. I tillegg er det ein føremon at søkaren har kjennskap til universitets- og høgskulesektoren. Søkaren skal kunne rettleie og rette øvingsoppgåver på nynorsk og skal beherske begge målformer.

Dei faglege kvalifikasjonane vil vege tungt, men ikkje åleine vere avgjerande for vurderinga av søkjarane. Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid vil også bli tillagt vekt, i tillegg til evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 56-64 (kode 1009/LR25) etter tenesteansiennitet. For tida gjev dette ei årslån på mellom 507 200,- og 583 100,- kroner i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Dette må følgje søknaden:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansar
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis,utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsoppleggog/eller evalueringar
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 24.10.2021

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS