LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (dataanalytikar journalistikk) - prosjektstilling

Søknadsfrist: 30.09.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (dataanalytikar journalistikk) - prosjektstilling

Ved Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som universitetslektor (dataanalytikar) i eit engasjement på 7 månader med snarleg tiltreding.

SUJO er det første og einaste senteret for undersøkande journalistikk i Norge og blei etablert hausten 2018. Senteret sitt mål er å styrke den undersøkande journalistikken, med eit spesielt ansvar for lokale, regionale og mindre redaksjonar. 30 undersøkande prosjekt har sidan oppstarten fått hjelp av senteret. I tillegg har over 250 journalistar og redaksjonelle leiarar delteke i SUJO sine workshops i undersøkande metode.

Som medarbeidar i SUJO blir du ein aktiv deltakar i eit redaksjonelt miljø med erfarne journalistkollegaer, forskarar og gjestande journalistar og masterstudentar i undersøkande journalistikk.

Arbeidsoppgåver:

  • Dokumentere og administrere prosjektinformasjon
  • Vedlikehalde dokumenthandteringssystem
  • Undervise studentar og journalistar i avansert dataanalyse ved hjelp av Excel og Access
  • Leie workshops i dataanalyse ved bruk av avansert Excel
  • Rettleie studentar
  • Rettleie i dataanalyse i undersøkande journalistiske prosjekt i norske redaksjonar
  • Tett kontakt med relevante fagmiljø

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Brei erfaring frå arbeid med større datasett og analyse og visualisering av desse
  • Erfaring med å designe databasar i Access
  • God kjennskap til undersøkande journalistiske prosjekt
  • Mastergrad i relevant fagområde
  • Gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og stå-på-evne
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som universitetslektor etter lønssteg 56-58 (kode 1009/LR 25) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 507 600,- 524 900,-. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

For utfyllande opplysningar om stillinga kontakt:

  • Senterleiar Per Christian Magnus, mobil 41423330, leiar av journalistprogrammet ved UiB,
  • Førsteamanuensis Lars Arve Røssland, mobil 90893452 eller
  • Reportasjeleiar Kristine Holmelid, mobil 90950320

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS