Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (biomedisin)
Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast stilling som universitetslektor (40 %) i biomedisin.
Arbeidsoppgåver:
Utforming av og undervisning av studentar i tannpleie og odontologi i dei faga som instituttet underviser for desse studentgruppene.
Dei viktigaste oppgåvene vil vere undervisning i anatomi, særleg hovudets og halsens anatomi, oral anatomi og biologi, og tannanatomi.
Undervisning i andre fag kan òg verte naudsynt. Den som vert tilsett vil få tildelt ansvar for undervisningstema i samsvar med dei studieplanane som til kvar tid gjeld.
Undervisningsoppgåvene kan endrast, og den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogramma og etter dei studieordningar som gjeld.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For stillinga som universitetslektor vert det kravd cand. odont.-grad eller cand. med.-grad eller tilsvarande kompetanse. Søkarar med cand. odont.-grad vil verte foretrukne.
Det er eit ønskje at søkjar har relevant klinisk erfaring.
Det er eit ønskje at søkjar har erfaring frå og engasjement og interesse for undervisning i odontologiske basalfag ved universitet eller høgskule, samt erfaring med populærvitskapleg formidling.
Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.
Undervisningsspråket er norsk. God munnleg og skriftleg norsk er eit krav.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
løn frå lønssteg 52-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 464 000 - 573 100 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
● fullstendig publikasjonsliste
● vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til (Institutt for biomedisin):
Prof. Arne Tjølsen, Arne.Tjolsen@uib.no, +47 55 58 67 86, +47 928 04 707 eller
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.