LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Lektor ved Examen facultatum / Akademisk skriving – 2-årig vikariat i 50 % stilling

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Lektor

Ved Det humanistiske fakultet, Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, er det ledig eit vikariat i 50 % stilling knytt til seminarundervisning ved Examen facultatum-emnet Akademisk skriving. Tilsettingsperiode vil vere 01.08.2021 – 31.07.2023.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert 12-15 i stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelornivå i filosofi og retorikk, og på master- og PhD-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod samt Examen facultatum-emne ved Det humanistiske fakultet.

Arbeidsoppgåver:

Det meste av undervisninga vil gå føre seg i haustsemesteret, og den tilsette i stillinga skal drive undervisning, studentrettleiing og vurderingsarbeid (sensur) ved førstesemesteremnet Akademisk skriving. Det blir forventa at den som blir tilsett deltek aktivt i lagarbeid gjennom semesteret. Det kan også vere aktuelt med arbeid knytt til «Søk og Skriv» sin redaksjon.

Ein kan lese meir om emna her:

Akademisk skriving.

Søk og skriv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Det formelle kravet for tilsetting er norsk mastergrad eller tilsvarande utdanning i eit relevant humanistisk fag (t.d. historie, filosofi, litteraturvitskap eller nordisk) og sterk interesse og motivasjon for skriveundervisning.

I tilsettingsprosessen vil elles desse kvalifikasjonane og eigenskapane bli vektlagt:

  • Omfanget av formell fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Erfaring med undervisning i dei aktuelle emna, eller tilsvarande emne.
  • Pedagogiske kvalifikasjonar, slik desse kjem fram gjennom tilsendt dokumentasjon.
  • Personlege eigenskapar og evne til å samarbeide.

Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Vi tilbyr:

  • Sterkt, godt og variert fagmiljø og arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønnstrinn 52-64 (kode 1009/LR 25) for universitetslektor eller 64-72 (kode 1198/LR 24) for førstelektor. For tida utgjer dette kr. 466.100 – 575.200 for universitetslektor og kr. 575.200 – 669.700 for førstelektor brutto per år i heil stilling.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev med hovudvekt på søkjar sin motivasjon for stillinga.
  • Curriculum Vitae, inkludert liste over relevante publikasjonar.
  • Vitnemål (skanna originalar eller attesterte kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
  • Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk, norsk eller anna skandinavisk språk, må lastast opp i «Jobbnorge». Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Ytterlegare informasjon om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Steinar Bøyum på telefon 55 58 25 51 eller e-post Steinar.Boyum@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetting i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 31.01.2021.

UiB id: 20/14421.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS