Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, er det ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling med mogleg forlenging som førstelektor med planlagt start i august.
Arbeidsoppgåver:
Bachelor-rettleiing.
Undervise og sensurere i ulike emne i studieprogramma til instituttet.
Andre påkomande undervisnings-relaterte oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Doktorgrad i samanliknande politikk eller statsvitskap
Undervisningspraksis frå universitets- og høgskulesektoren
Må kunne undervise og rettleie på norsk og engelsk
Pedagogiske kvalifikasjonar er ein føremon
Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg egna for stillinga
Samarbeidsevne og ambisjonar for eiga undervisning vert tillagt vekt
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
Årsløn for førstelektor er ltr 68 - 70 (kode 1198/LR24 i statens regulativ) tilsvarande NOK 626 100 – 650 300,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
Fullstendig publikasjonsliste
Inntil fem vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, inklusiv doktoravhandling.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Tilsetjing går føre seg på grunnlag av innstilling av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og prøving av undervisningskompetanse.
Søknaden skal merkast: 21/8944
Søknadsfrist: 1.8.2021
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Hanne Cappelen, hanne.cappelen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.