LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (10 % bistilling) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 03.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Universitetslektor (10 % bistilling) i erfaringsbasert master i helseleiing, helseøkonomi og kvalitetsforbetring

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (10 % bistilling) i erfaringsbasert master i helseleiing, helseøkonomi og kvalitetsforbetring

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (10 % bistilling) i erfaringsbasert master i helseleiing, helseøkonomi og kvalitetsforbetring for ein periode på to (2) år frå tilsetjing. Dersom det ikkje meldar seg aktuelle kandidatar til ei 10 % stilling, kan det verte aktuelt å dele stillinga i to (2) 5 % stillingar. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) utanfor Universitetet i Bergen. Arbeidsstad er Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Søkjar skal undervise og rettleie masterstudentar i den erfaringsbaserte masteren i helseleiing, helseøkonomi og kvalitetsforbetring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk mastergrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • søkjar må ha gode kunnskapar i forskingsmetodikk. Kunnskap og erfaring med kvantitative metodar vert lagt vekt på
  • det er eit ønskje at søkjar kan vise til gode pedagogiske evner
  • søkjar må ha undervisnings- og rettleiingserfaring

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn frå lønssteg 52-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 466 500 - 575 600 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • utfyllande CV
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • fullstendig publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Inger Lise Teig, tlf.: 922 28 106 eller e-post: Inger.Teig@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS