Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektleiar (administrativ leiar) ved SFI Smart Ocean

Søknadsfrist: 18.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektleiar

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som prosjektleiar (administrativ leiar) ved SFI Smart Ocean.

Smart Ocean er eit nytt SFI (Senter for Forskingsdriven Innovasjon) ved Universitetet i Bergen. I senteret deltek ca. 20 partnarar frå universitets-, høgskole- og instituttsektoren, industribedrifter, nasjonale myndigheiter og industriklynger. Vertsinstitusjon er Universitetet i Bergen, og senteret er knytt til Institutt for fysikk og teknologi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Smart Ocean skal utvikle eit trådlaust observasjonssystem som vil kunne gje varselsignal når det skjer ei hending som er kritisk for miljøet, samt kunne gjere overvaking på og rundt undervassinstallasjonar som underlag for behovsbasert vedlikehald og sikker drift av desse. Systemet vil vere basert på eit nettverk av autonome, energieffektive og smarte undervass-sensorar som vil gjere det mogleg å samle inn og analysere store mengder informasjon om havmiljøet og offshoreinstallasjonar. Data og informasjon vil bli tilgjengeleg på et aggregert nivå for myndigheiter, havnæringar og forsking. Senteret vil også drive forskarutdanning innan havteknologi og innovasjon. Det skal danne grunnlag for nye patenter, prototypar, forskingsartiklar og programvare, i tillegg til innovative oppstartsbedrifter.

https://www.uib.no/smartocean/134560/slik-vil-de-lage-et-smartere-hav

Den som tiltrer i stillinga vil arbeide i eit tverrfagleg, internasjonalt forskarmiljø, og vil få eit variert og utfordrande arbeid med å byggje senteret.

I tillegg til administrativ leiar vil tilsette på institutt og fakultet med spisskompetanse på ulike administrative felt levere tenester inn mot senteret.

Administrasjonssjefen ved Institutt for fysikk og teknologi er næraste overordna, men administrativ leiar rapporterer på dagleg basis til senterleiar.

Arbeidsoppgåver:

Administrativ leiar skal bistå senterleiar og partnarar i administrative oppgåver knytt til drift av senteret, i samsvar med forskingsprosjekta sine målsetjingar og senterleiar sine behov.

Viktige arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • Forskingsstrategiske oppgåver
    • Støtte i søknadsarbeid til nye forskingsprosjekt, nettverksstøtte, etc.
    • Vere orientert om utlysingar og fristar, planleggje og leggje til rette for søknadsprosessar
    • Koordinere arbeid med senterets forskingsstrategiar og publiseringsmål

Prosjektleiarstøtte

  • Støtte senterleiar med å planleggje for implementering av milepælar i forskingsprosjekta
  • Framdrifts- og årsrapportering til Forskingsrådet og annan rapporteringar til partnarar, styret og generalforsamling.
  • Koordinere og organisere ulike møter, workshops og konferansar
  • Organisere kommunikasjon og informasjonsflyt mellom partane i prosjekta

Økonomioppgåver

  • I samarbeid med senterleiar og styre ha ansvar for økonomistyring og ressursdisponering
  • Rapportering
  • Utarbeiding og oppfølging av budsjett
  • Koordinering med partnarar i økonomisaker
  • Kontroll og oppfølging av økonomi hjå UiB og partnarar

Administrative oppgåver

  • Sekretær for styret
  • Ta i mot nye medarbeidarar og vere møtepunkt for staben
  • Koordinering av dei administrative tenestene knytt til senteret
  • Utvikle og vedlikehalda rutinar, retningslinjer og kvalitetssikring ved senteret
  • Rekruttering, oppfølging av personale og gjestar på senteret

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i økonomiske og/eller administrative fag, eller annan relevant mastergrad kombinert med relevant erfaring
  • God kompetanse innan økonomi er eit krav
  • God organisasjons- og rolleforståing er naudsynt
  • Kjennskap til og forståing for UH-sektoren/instituttsektoren er ein føremon
  • Kjennskap til industri innan ei eller fleire av havnæringane petroleum, havvind, fiskeri og havbruk er ein føremon
  • God generell IT-kompetanse
  • Søkjarar må ha særs gode kommunikasjonsferdigheiter og beherske flytande engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å organisere, koordinere og prioritere eit breitt spekter av oppgåver
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Ansvarleg og løysingsorientert
  • Gode samarbeids- og planleggingsevner
  • God kommunikasjonsevne
  • Evne til å motivere, skape kontakt og utvikle nettverk

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som prosjektleiar (kode 1113) i lønssteg 67 - 73. Dette utgjer for tida mellom kr 605 500 – 679 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS