Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Administrativ leiar ved MediaFutures

Søknadsfrist: 20.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrativ leiar ved MediaFutures: Research Centre for Responsible Media Technology & Innovation

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ein fast stilling som administrativ leiar ved MediaFutures: Research Centre for Responsible Media Technology & Innovation.

MediaFutures: er eit nytt senter for forskingsdriven innovasjon ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen og senteret vil halde til i Media City Bergen. Senteret er ein del av Forskningsrådets SFI-ordning. MediaFutures skal i samarbeid med industripartnerar frå nyheitsmedia og medieteknologi forske på emne som medieerfaringar, anbefalingsteknologi, innhaldsproduksjon og analyse, innhaldsinteraksjon og tilgjengelegheit samt norsk språkteknologi. Målet er å utvikle ansvarlege teknologiske løysingar innan samfunnsmessig viktige område som kunstig intelligens, falske nyheiter, ekkokamre og politisk polarisering. Resultatet skal bli nye digitale verktøy, analysemetodar og innhaldstypar for framtidas media. Senteret vil også drive forskarutdanning innan medieteknologi og innovasjon. Det skal danne grunnlag for nye patenter, prototypar, forskingsartiklar og programvare, i tillegg til innovative oppstartsbedrifter.

https://www.uib.no/svf/136555/får-nær-300-mill-til-å-utvikle-ansvarleg-medieteknologi.

Den som tiltrer i stillinga vil arbeide i eit tverrfagleg, internasjonalt forskarmiljø, og vil få eit variert og utfordrande arbeid med å byggje senteret

I tillegg til administrativ leiar er administrative ressursar tilsvarande om lag to stillingar knytt til senteret. Tilsette på institutt og fakultet med spisskompetanse på ulike administrative felt, inngår i den administrative staben ved senteret med delar av si arbeidskraft.

Administrasjonssjefen ved Institutt for administrasjon- og medievitenskap er næraste overordna, men administrativ leiar rapporterer på dagleg basis til senterleiar.

Arbeidsoppgåver:

Det daglege tilsyn med og koordinering av senteret si verksemd i samsvar med forskingsprosjekta sine målsetningar og senterleiar sine behov. Det er fire hovudarbeidsområder for stillinga:

Forskingsstrategiske oppgåver

  • Støtte i søknadsarbeid til nye forskingsprosjekt, nettverksstøtte, etc.
  • Vere orientert om utlysingar og fristar, planleggje og leggje til rette for søknadsprosessar
  • Bidra til å realisere publiseringsmål
  • Utvikle forskingsstrategiane for senteret

Prosjektleiarstøtte

  • Støtte senterleiar med å planleggje for implementering av milepælar i forskingsprosjekta
  • Rapporteringar til oppdragsgjevarar
  • Koordinere og organisere ulike arrangement, workshops og konferansar
  • Organisere kommunikasjon og informasjonsflyt mellom partane i prosjekta

Økonomioppgåver

  • I samarbeid med senterleiar ha ansvar for økonomistyring og ressursdisponering
  • Overordna budsjettansvar for heile senteret inkludert partnerar
  • Kommunikasjon med de andre partnerar i økonomiske og administrative saker

Administrative oppgåver

  • Ta i mot nye medarbeidar, lage rutinar, møtepunkt for staben
  • Støtte med koordinering og arbeidsleiing av dei administrative tenestene knytt til senteret
  • Utvikle og vedlikehalda rutinar, retningslinjer og kvalitetssikring på senteret
  • Støtte med rekruttering og oppfølging av personale og gjestar på senteret
  • Korrespondanse og variert sakshandsaming

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad. Mastergrad i økonomiske og/eller administrative fag
  • God organisasjons- og rolleforståing er naudsynt
  • Kjennskap til og forståing for uh-sektoren/instituttsektoren er ein føremon
  • Kjennskap til medie- og eller teknologiindustri er ein føremon
  • Særs god kompetanse innan økonomi
  • God generell IT-kompetanse er ønskjeleg
  • Dagleg arbeidsspråk ved senteret vil være engelsk. Søkjarar må ha særs
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og vere flytande i både engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å organisere, koordinere og prioritere eit brett spekter av oppgåver
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Ansvarleg og løysingsorientert
  • Gode samarbeids- og planleggingsevner
  • God kommunikasjonsevne
  • Trivnad i ein hektisk kvardag i eit internasjonalt miljø, til tider med stort arbeidspress
  • Evner til tydeleg kommunikasjon

Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn etter lønssteg 68-73(kode 1113 – prosjektleiar) Dette utgjer for tida mellom kr. 615 900,- - 679 000,-.. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef, Espen Dahle, espen.dahle@uib.no, tlf.: + 47 55 58 33 81 eller
  • Senterleiar Christoph Trattner, christoph.trattner@uib.no, tlf.: + 47 45 39 61 80

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post bodil.hagland@uib.no, eller tlf. 55 58 90 53.

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida. Søknaden skal innehalde: Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.

Søknadsfrist: 20. august 2020

Søknaden skal merkast: 20/6975

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjon som liggje føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS