LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrasjonssjef ved Kjemisk institutt (vikariat)

Søknadsfrist: 09.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrasjonssjef

Ved Kjemisk institutt er det ledig eit vikariat som administrasjonssjef. Vikariatet er for to år i perioden 1.1.2021 til 31.12.2022. Arbeidsstad er Realfagbygget i Bergen.

Om Kjemisk institutt

Kjemisk teknologi, kunnskap og kompetanse er essensielle faktorar for å møte samfunnet sine aukande behov innan helse, miljø, berekraftig ressursutnytting, energi, nye materialar, kvalitetssikring og -analysar, for å nemne nokre tema som også står sentralt i FN sine berekraftsmål. Kjemisk institutt bidrar til å skape, anvende og formidle kjemisk kunnskap gjennom forsking og utdanning av høg kvalitet og i samarbeid med relevante regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og er vertskap for eller partner i studieprogram innan kjemi, nanoteknologi og -vitskap, medisinsk teknologi, farmasi, energi, og lektorutdanning.

Kjemisk institutt har satsa strategisk på oppbygging av en moderne forskingsinfrastruktur og er bl.a. vertskap for den nasjonale NMR-plattforma.

Kjemisk institutt omfattar 25 førsteamanuensar og professorar i faste stillingar, og 16 tilsette i teknisk/administrative stillingar. Administrasjonen utgjer fem tilsette som yt administrativ støtte innan områda personal - og økonomiforvaltning, informasjonstenester, studieadministrasjon, forskingsadministrasjon og forskarutdanning. Vi har i dag omlag 250 studentar og 40 ph.d.-studentar. I tillegg har instituttet for tida knytt til seg om lag fem personar i vitskaplege delstillingar og knapt ti personar i postdoktor- og forskarstillingar, slik at om lag 80 personar er tilsette ved instituttet. Samla budsjett ligg på om lag 70 mill. kroner i tillegg til ein ekstern portefølje på om lag 24 millionar kroner. Instituttet held til i Realfagbygget i Allégaten 41, og høyrer inn under Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Nærare opplysningar om Kjemisk institutt kan ein finne på instituttet si heimeside.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Ansvarsområde

Administrasjonssjefen sitt ansvar omfattar eit breitt spekter av oppgåver med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Administrasjonssjefen er dagleg leiar av administrasjonen og har personalansvar for dei teknisk/administrativt tilsette. Næraste overordna er instituttleiar.

Døme på arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle, implementere og fylgje opp gode administrative prosedyrar og rutinar i samsvar med dei retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet.
  • Gje støtte og råd til instituttleiar i administrative og organisatoriske spørsmål.
  • Ha oversikt over instituttet sine personalressursar og saman med instituttleiar ivareta arbeidsgjevaransvaret og personalpolitisk og -strategisk arbeid, mellom anna knytt til rekruttering og personaloppfølging.
  • I samarbeid med instituttleiar har administrasjonssjefen ansvar for økonomistyring, personalforvalting, ressursdisponering og å syte for at areala disponert av instituttet blir optimalt og forsvarleg nytta.
  • Arbeide saman med instituttleiar for å vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet ved instituttet og ha tilsyn med og følgje opp HMS-ansvaret ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang, relevant praksis og etter- og vidareutdanning.
  • Søkjarar må ha relevant leiarerfaring, erfaring frå personalforvalting og gode resultat frå tidlegare arbeidsforhold.
  • Økonomikompetanse vil være ein føremon.
  • Det er ein føremon med erfaring frå forskingsadministrasjon.
  • Dokumentert erfaring frå sakshandsaming er eit krav.
  • God administrativ IT-kompetanse er eit krav.
  • Det er ein føremon med kjennskap til og erfaring frå universitet- og høgskolesektoren.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på nynorsk og bokmål samt på engelsk

Vi søkjer ein person som

  • har evne til å leie og motivere medarbeidarar og vere utviklingsorientert
  • er positiv, sjølvstendig og resultatorientert
  • er effektiv, strukturert, fleksibel og serviceinnstilt
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • i rolla som administrasjonssjef på eiga hand vil ta kontakt og samarbeide aktivt med alle, frå studentar til professorar

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vitnemål og attestar lastast opp i Jobbnorge saman med søknaden.

Vi tilbyr

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • stilling som administrasjonssjef (kode 1058) i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 586 500 – 670 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Knut Børve, e-post: knut.borve@uib.no, tlf.: 47627005, eller
  • Administrasjonssjef Kristin Sofie Farkas, e-post: kristin.farkas@uib.no, tlf.: 92680953

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS