Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Administrasjonssjef
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei spennande og utfordrande leiarstilling ved universitetet. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig fast stilling som administrasjonssjef. Stillinga er knytt til Institutt for økonomi.
Instituttet har om lag 17 faste tilsette i vitskaplege stillingar, om lag 14 tilsette i stipendiat- og postdoktorstillingar. Den administrative staben er på 3,5 årsverk. Administrasjonen gir administrativ støtte til fagmiljøet innan studieadministrasjon, økonomiforvalting, prosjektstyring, forskingsadministrasjon og forskarutdanning.
Instituttet driv forsking, undervising og formidling innan eit breitt spekter av fagområde. I tillegg til bachelor-, master-, profesjons- og ph.d.-program innan samfunnsøkonomi, startar instituttet opp ein ny integrert master i informasjonsteknologi og økonomi hausten 2021.
Administrasjonssjefen er leiar for og har personalansvar for dei tilsette i administrasjonen ved Institutt for økonomi, og inngår i leiargruppa ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
I samarbeid med instituttleiinga ha ansvar for økonomistyring og ressursdisponering
Gi støtte og råd til instituttleiinga i administrative og strategiske spørsmål
Ansvar for dagleg drift av administrasjonen ved instituttet
Oppfølging av instituttet sine eksternt finansierte prosjekt i samarbeid med prosjektleiarane
Oppfølging av doktorgradskandidatane ved instituttet
Kvalitetssikring av administrative rutinar og tenester
HMT-tiltak og IA- arbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant administrativ praksis og god økonomiforståing
Gode leiar- og samarbeidseigenskapar med vekt på kommunikasjon og resultatansvar
Det er ønskjeleg med kjennskap til universitets- og høgskulesystemet
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
God administrativ IT-kompetanse
Det legges stor vekt på evnen til å kommunisere, lytte og motivere medarbeidere.
Vi tilbyr:
Interessante og utviklande oppgåver
Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
Støtte til leiarfunksjonen gjennom deltaking i den administrative leiargruppa ved fakultetet, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling
Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) i lønssteg 68 - 72 (for tida kr 618 600 - 670 100 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt, tlf. 55 58 90 66, eller
Instituttleder Tommy Staahl Gabrielsen, tlf. 90 66 28 16
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.