Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Senterleiar
Ved Senter for Krisepsykologi er det ledig ei stilling som senterleiar. Leiarstillinga er ei åremålsstilling, og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om inntil ei ny åremålsperiode.
Om senteret:Stortinget gav Universitetet i Bergen ei ekstra løyving i statsbudsjettet for 2017 for å kunne etablere eit nasjonalt kompetansemiljø for krisepsykologi. Senter for Krisepsykologi er ei sjølvstendig eining ved Det psykologiske fakultet. Senteret verksemd er retta mot klinikknær og anvendt forsking, utdanning og formidling innan krisepsykologi. Senteret har samarbeid med ei rad internasjonale partnare og har ekstern finansiering av fleire forskings- og utdanningsprosjekt. Senteret har 14 tilsette i faste- og 11 tilsette (forskare, stipendiatar og postdoktorar) i midlertidige stillingar.
Senteret har tilhald i Møllendalsbakken i Bergen og inngår som del av Universitetet i Bergen sitt kompetansemiljø i helseklynga på Årstadvollen.
Arbeidsoppgåver:
Leiar for Senter for krisepsykologi vil ha overordna ansvar for senterets verksemd. Senterleiar vil ha ei viktig rolle i den faglege utviklinga av senteret som del av Universitetet i Bergen.
Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
Vidareføre og styrke senterets nasjonale og internasjonale profil
Utøve leiing i tråd med senteret sin målsetting om å være eit internasjonalt anerkjent kompetansemiljø i krisepsykologi og stimulere til eit innovativt fagmiljø som inspirerer og motiverer tilsette til fagleg og personleg utvikling.
Bidra til senteret sin strategi ved å ha oppdaterte planar for senteret si verksemd og sørgje for at ressursar vert nytta i samsvar med desse.
Utvikle et stadig tettare samarbeid med fagmiljø ved fakultetet og universitetet
Sørgje for veleigna administrative tenester og for effektiv drift av verksemda.
Yte sitt til at senteret har tilstrekkelege budsjettmessige økonomiske rammer. Leggje til rette for å auke verksemda som er basert på tilskot og finansiering av forsking, utdanning og formidling.
Ansvar for senterets økonomi
Fremje lokalt, nasjonalt og internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid.
Utøve personalansvar for tilsette ved senteret og ha overordna ansvar for resultat innan utdanning, formidling, forsking, forskarutdanning og forvaltning
Senterleiar rapporterer til dekan
Vi søkjer senterleier som:
har psykologfagleg bakgrunn med relevant kompetanse innan krise- og katastrofepsykologi
den som vert tilsett skal vere ein forskar normalt med dokumentert professorkompetanse. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det vere aktuelt å tilsetje søkjar med førsteamanuensiskompetanse.
har erfaring med å leie fagleg verksemd innan UH-sektoren
har erfaring frå utdanning, forsking og utøvande arbeid innan senteret sitt fagområde eller nære fagfelt.
har gode evner til kommunikasjon, dertil evne til å skape tillit og byggje nettverk internt ved UiB og eksternt med regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.
har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring.
har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog.
Den som vert tilsett må kunne norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Vi tilbyr:
Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Vi tilbyr også:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
CV
Vitnemål og attestar
Dokumentasjon på professor eller førseamanuensiskompetanse
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.