LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Kontorsjef for utdanningsadministrative tjenester

Søknadsfrist: 29.11.2022

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ein ledig stilling som kontorsjef ved fakultetsadministrasjonen ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet, Kontor for utdanningsadministrative tenester.

Som kontorsjef vil du få ein variert, interessant og travel kvardag der du har ansvar for utdanningsadministrasjonen ved fakultetet, samt utøver leiarstøtte til fakultetsleiinga. Det inngår personalansvar i stillinga.

Fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå innanfor real- og ingeniørfag, og utfører verdiskapande forsking og innovasjon. Vi har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver vert laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Vi har eit internasjonalt miljø med om lag 2.900 studentar og 500 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.

Hovudoppgåver

  • sørga for at fakultetsadministrasjonen medverke til at fakultetet oppnår gode resultat innanfor undervisning og utdanningsområdet
  • utdanningsadministrativ støtte til fakultetets studentar og tilsette, samt ivareta sekretærfunksjonen for studieprogramutvalet
  • personalleiing med ansvar for medarbeidarutvikling og utvikling av eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • medverke til god informasjonsflyt og godt samarbeid i organisasjonen
  • leie den økonomiske styringa av den samla aktiviteten til kontoret, samt medverke til god ressursutnytting og erfaringsutveksling på tvers i fakultetsadministrasjonen
  • medverke i leiargruppa ved fakultetet
  • koordinera og følgje opp overordna strategi, og saman med fakultetsleiinga implementera vedtekne strategiar og planar
  • sørga for førebuing av saker for fakultetsleiing, fakultetsstyret og andre råd og utval basert på god styringsinformasjon
  • holde oversikt over, og leggje til rette for administrativ prosesser for fakultetets utdanningsportefølje inkl. det systematiske arbeidet for utdanningskvalitet

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på nivå tilsvarande mastergrad. Særleg relevant kompetanse kan erstatte krav om høgare utdanning på mastergradnivå.
  • relevant erfaring, som erfaring frå økonomi- og verksemdsstyring samt utarbeiding og vedlikehald av strukturar, system og rutinar
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vidare vert det lagt vekt på at du:

  • har kjennskap til offentleg forvaltning og regelverk innan universitets- og høgskolesektoren
  • motiverast av å leggje til rette for gode arbeidsprosessar
  • har evna til å få gjennomslag for idear og å verte lytta til
  • har engasjement og interesse for utdanning innanfor teknisk-naturvitskapelege fag
  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • er sjølvstendig og kan visa til prioriterings- avgjerds- og gjennomføringsevne har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • leiarerfaring, fortrinnsvis innan utdanningssektoren, vil bli vektlagd
  • erfaring innanfor utdanningsområda til fakultetet er ein fordel

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønsregulativ l.pl 90.100, kode 1054, kr 650 000 - 800 000 bto. per år. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar meir om gode for tilsette og fordelar på våre heimesider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om naudsynleg verte lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til fakultetsadministrasjonen og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vert ein mann prioritert føre ei kvinne.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Margot Amelia Treen, tlf. 51831419, e-post [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS