Studieleiar (rådgjevar) - Institutt for framandspråk (IF)
Søknadsfrist: 29.05.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei spennande og utfordrande stilling ved Institutt for framandspråk (IF) ved Det humanistiske fakultet. Frå 1. august 2022 er det ledig ei 100 % stilling som studieleiar (rådgjevar). Instituttet har om lag seksti fast vitskapleg tilsette, i tillegg til stipendiatar og andre mellombels tilsette, og om lag 1500 studentar. I den administrative staben inngår 11 stillingar, og dei fleste av desse arbeider på studiefeltet.
Næraste overordna er administrasjonssjefen, og studieleiar rapporterer direkte til han. Studieleiar er koordinator for studiegruppa ved instituttet og er med i leiargruppa ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Hovudansvaret for det studieadministrative arbeidet ved instituttet og leiing av medarbeidarane på studiesida
Vikar for administrasjonssjefen
Gje råd til vitskapleg og administrativt tilsette i studiespørsmål
Sekretær for Utval for undervisning og internasjonalisering (UUI) ved instituttet
Følgje opp og vidareutvikle administrative prosedyrar og rutinar innan studiefeltet
Hovudansvar for at studia ved instituttet følgjer kvalitetssikringssystemet ved UiB
Hovudansvar for studieinformasjon og formidling innan studiefeltet
Sakshandsaming i studiesaker, mellom anna knytt til meldingar, rapporteringar, høyrings-, klage- og studieplansaker
Strategiarbeid på utdanningssida
Fremje internasjonalisering og delta i faglege nettverk
Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale på alle fagområde ved instituttet, og det er eit særleg ansvar for studieleiaren å halde oppe gode kommunikasjonslinje mellom studiegruppa og fagmiljøa.
Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
Mastergrad med eitt eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen
Omfattande relevant praksis
Inngåande kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvaltning
Evne til å leie, følgje opp og gje opplæring til medarbeidarar
God skriftleg og munnleg framstillingsevne og god meistring av både nynorsk og bokmål
Gode engelskkunnskapar
God IT-kompetanse og røynsle med studieadministrative program som Felles Studentsystem, Canvas og ePhorte er ein føremon
Eigenskapar:
Gode leiareigenskapar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og god sørvisinnstilling
Initiativ, engasjement og fleksibilitet
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress
Effektivitet og stor arbeidskapasitet
I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.
Vi kan tilby:
Løn som rådgjevar (kode 1434) tilsvarande lønssteg 65-70, for tida 593 900 – 649 900,- i full stilling før skatt per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap til Statens pensjonskasse
Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
Medlemskap til Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Meir informasjon om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug ved Institutt for framandspråk, telefon 55582281, e-post arve.uthaug@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».