Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om Fakultet for naturvitskap og teknologi
Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet)er eitt av sju fakultet ved Universitetet i Bergen. Fakultetet består av sju institutt som saman utgjer grunnstammen i forsking og utdanning innan matematikk, kjemi, fysikk, informatikk, samt geofysiske, geovitskaplege og biologiske fag. Fakulteteter òg vertskap for UiB sine satsingsområde UiB Hav og UiB Klima og energiomstilling. Fakultetet har om lag 900 tilsette frå over 60 nasjonalitetar, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliard kroner.
HR-rådgjevar – ver med å utvikle framtidas HR ved UiB
Vi søkjer ein HR-rådgjevar som brenn for HR-faget og er ein solid støtte i operativt og strategisk HR-arbeid ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Som HR-rådgjevar ved NT-fakultetet får du arbeide tett på leiing, forsking og utdanning i eit av landets leiande forskingsmiljø.
Universitets- og høgskulesektoren er i stadig endring, prega av internasjonalisering, digital transformasjon og nye kompetansebehov. Stillinga gir høve til å bidra til utvikling av framtidas HR-tenester i ein av Noregs største kunnskapsorganisasjonar, og vi ser etter deg som ønskjer å kombinere operativt HR-arbeid med analyse, utviklingsarbeid og forbetring av arbeidsprosessar.
Stillinga er plassert i HR-seksjonen, som består av 11 medarbeidarar. HR-seksjonen yter operative og strategiske HR-faglege tenester til fakultetet sine åtte faglege einingar, fakultetsleiinga og fakultetsadministrasjonen. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan rekruttering, personalforvaltning, organisasjonsutvikling og leiarstøtte.
Arbeidsoppgåver
Som HR-rådgjevar vil du mellom anna:
vere rådgjevar og sparringspartnar samt operativ støtte for leiarar i HR‑og personalfaglege spørsmål, inkludert arbeidsrett og personalforvaltning
planleggje, gjennomføre og kvalitetssikre rekrutteringsprosessar
handtere sakshandsaming og utarbeide saker til tilsettingsorgan og andre utval
utarbeide analysar, statistikk og beslutningsgrunnlag for leiinga
bidra til utvikling, forbetring og digitalisering av HR‑prosessar og administrative tenester
bidra til onboarding og oppfølging av medarbeidarar
delta i eller leie prosjekt, arbeidsgrupper og utviklingsinitiativ
Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med utviklinga av fakultetet og dei administrative tenestene ved UiB.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du må ha
utdanning på mastergradsnivå innan relevante fagområde, eller bachelorgrad kombinert med omfattande relevant erfaring
relevant erfaring frå HR-arbeid, rådgjeving eller personalforvaltning
god kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
god digital kompetanse og interesse for nye arbeidsformer og digitale verktøy
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norskog engelsk
Det er ein fordel dersom du har
erfaring fråHR-arbeid i statleg sektor, særleg universitets- og høgskulesektoren
erfaring med rekruttering av vitskapleg personale
erfaring med analyse-, utviklings- og forbetringsarbeid
kjennskap til korleis teknologi og KI-verktøy kan nyttast i administrative arbeidsprosessar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
er strukturert og operativ med høg gjennomføringsevne
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar særleg menn til å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.