Studieleiar (rådgjevar) - Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 20.08.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som studieleiar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er på rådgjevar-nivå og knytt til vår fellesadministrasjon for dei tre institutta Sosiologisk institutt, Institutt for politikk og forvaltning og Institutt for samanliknande politikk.
Den som blir tilsett vil få ansvar for å koordinere den studieadministrative verksemda i fellesadministrasjonen og vere arbeidsleiar for seks studie- og eksamenskonsulentar. Arbeidet vil bli utført i samarbeid med administrasjonssjef og den faglege leiinga ved dei tre institutta
Arbeidsleiar for studie- og eksamenskonsulentane og koordinering av den studieadministrative verksemda
Utrednings- og utviklingsarbeid på studiefeltet
Utvikling og effektivisering av administrative rutinar
Informasjonsarbeid, i hovudsak nettbasert
Ansvar for konferansar og andre større arrangement ved institutta
Praktisk støtte til administrasjonssjef
Andre studierelaterte oppgåver og driftsoppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen
Relevant studieadministrativ praksis. Det er ein føremon med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
Gode leiar- og samarbeidsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som rådgjevar (kode 1434) med kr. 570 000 – 600 000 brutto i det statlege lønsregulativet. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs ved fellesadministrasjonen for Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt, tlf.: 55 58 24 31, e-post: Charlotte.Lillefjaere@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.
Søknaden skal merkast 2022/10023
Søknadsfrist: 1. september 2022
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.