Vikar førstekonsulent (programkoordinator) - Det psykologiske fakultet
Søknadsfrist: 03.08.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent (vikariat)
Ved studieseksjonen på Det psykologiske fakultet er det ledig eit vikariat som 100 % førstekonsulent med tiltredelse 1. september 2020 og varighet til 31. august 2021. Stillinga er knytt til studieseksjonen ved fakultetssekretariatet og har sin arbeidsplass i Vektergården, Christiesgt.13. Fakultet skal flytte store deler av virksomheten inn i nye lokaler i 2020 og 2021 og det er igangsatt en prosess for å se på hensiktsmessig organiseringav administrasjonen. Dette kan innebære endringer i arbeidssted og stilling. Førstekonsulenten rapporterar til seksjonssjefen, men vil i det daglege ha gruppeleiar for programkoordinatorane som arbeidsleiar. Studieseksjonen sine hovudansvarsområde innan utdanning er eit overordna administrativt ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og utvikle fakultetet sine studieprogram på bachelor-, profesjon- og masternivå. I dette inngår mellom anna eksamens- og kvalifikasjonsarbeid, informasjonsarbeid, studierettleiing, bruk av IT-baserte studieadministrative verkty, studentrekruttering og ekspedisjonsfunksjon for studentane ved fakultetet.
Arbeidsoppgåver:
førstelineteneste ved informasjonssenteret ved fakultetet
administrativ koordinering av årsstudiet i psykologi og årsstudiet i pedagogikk
oppfølging av seminarleiarane for nemnte studiar
koordinering av studiestart og studentmottak på fakultetet
vedlikehald av nettsider og sosiale medier
saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha utdanning på minimum bachelorgrad, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje ved søknadstidspunkt
føremon med psykologi eller kommunikasjonsfag i fagkrinsen lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
søkjar må ha god administrativ IT-kompetanse
søkjar må vere serviceinnstilt
utvise nøyaktighet og sjølvstende
ein føremon med kjennskap til Felles Studentsystem (FS), elektroniske portalar og timeplanleggingssystem
kjennskap og erfaring frå universitetssystemet og offentlig forvaltning er ynskjeleg
god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på båe målformer
personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som førstekonsulent etter lønssteg 47 - 53 (kode 1408/LR 21, alt. 6 - 8) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet
og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 427 800 - 471 600.
Søknad med CV og relevante vedlegg, som vitnemål og attestar må lastast opp i JobbNorge ved å klikke på «Søk stillinga». Søknader som vert sende på e-post, og søknader utan vedlegg vert ikkje vurderte.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.