Studiekonsulent (vikariat) ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Senter for vitskapsteori
Søknadsfrist: 01.12.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent (vikariat) ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Senter for vitskapsteori
Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Senter for vitskapsteori (SVT) er det ledig eit 70 % vikariat som seniorkonsulent for studieadministrasjon. Vikariatet gjeld for perioden 1.12.2021 til 28.02.2022 med moglegheit for forlenging.
SKOK og SVT er samlokaliserte i Parkveien 9 og har felles administrasjon. Sentra har til saman nærare 50 tilsette og har eit breitt spekter av aktivitetar innan undervisning, forsking og formidling. Les meir om sentra her: SVT og SKOK
Aktuelle arbeidsoppgåver
Studieadministrativ oppfølging av danningsemne (SVT) og oppfølging av program/emne innan kjønnsstudium (SKOK).
Saksbehandling i studierelaterte saker
Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
Studierettleiing
Informasjons- og formidlingsarbeid inkludert webinformasjon
Internasjonalisering og studentmobilitet
Sekretær for programstyre
Utdanningsfaglege utgreiingar knytt til etablering, evaluering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar og –emne
Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til stillinga, måtte ta del i andre administrative oppgåver. Næraste overordna er administrasjonssjefen.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha bachelorgrad, men mastergrad vil være ei føremon. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i spesielle tilfelle oppnåast gjennom lang og relevant praksis i sakshandsaming, evt. praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
Det blir lagt vekt på relevant praksis, god administrativ it-kompetanse og kjennskap til det studieadministrative Felles studentsystem (FS).
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både bokmål, nynorsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Strukturert og sjølvstendig
Fleksibilitet og sørvisinnstilling
Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
Vi kan tilby
Løn tilsvarande lønssteg 55-58 (kode 1363 i Statens regulativ) for tiden 499 100 – 524 500 kroner brutto i året. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande fagmiljø
Kompetanse- og karriereutvikling
Samarbeid gjennom nettverk
Fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod
Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Tone Lund-Olsen på telefon 55 58 33 12, eller ved e-post tone.lund-olsen@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attester og kontaktinformasjon til minst to referansar skal leggjast ved søknaden.