LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 22.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og Sosiologisk institutt, og den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med dei andre studiekonsulentane i fellesadministrasjonen.

Studiekonsulentane er viktige støttespelarar for instituttleiinga og administrasjonssjefen i arbeidet med å rekruttere, behalde og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium ved institutta.

For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/

Arbeidsoppgåver:

  • Administrativ støtte til instituttleiinga i utdanningssaker
  • Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
  • Eksamensarbeid
  • Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
  • Generell studieadministrativ sakshandsaming
  • Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av utdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen
  • Koordinering av seminarundervisninga
  • Andre studieadministrative oppgåver

Arbeidsoppgåver knytt til undervisninga ved dei tre institutta justerast jamleg og dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha bachelorgrad, men mastergrad vil være ein føremon. Det er og ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen, likeeins studieadministrativ praksis. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som førstekonsulent etter kode 1408/LR21 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.51-55 avhengig av tenesteansiennitet. For tida utgjer det mellom 468 300 og 499 500 pr. år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknad:

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga» på denne sida.

Søknaden skal merkast 2022/6162

Søknadsfrist: 22.05.2022

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte fellesadministrasjonen ved:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS