LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (førstekonsulent) - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 14.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent (førstekonsulent)

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og Sosiologisk institutt, men med eit særansvar for sosiologisk institutt.

Studiekonsulentane er viktige støttespelarar for instituttleiinga og administrasjonssjefen i arbeidet med å rekruttere, behalde og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium ved institutta.

For meir informasjon om fakultetet se her.

Arbeidsoppgåver:

  • Administrativ støtte til instituttleiinga i utdanningssaker
  • Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
  • Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
  • Generell studieadministrativ sakshandsaming
  • Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av utdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen
  • Koordinering av seminarundervisninga
  • Sekretærfunksjon for undervisingsutval
  • Andre studieadministrative oppgåver

Dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søker må ha bachelorgrad, men en mastergrad vil være eit føremon. Det er og ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen, likeeins studieadministrativ praksis. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg 51-55 avhengig av tenesteansiennitet (L.pl. 90.103/st. kode 1408/LR21). For tida utgjer det mellom 468.300 og 499.500 pr. år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte:

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast: 2021/13220

Søknadsfrist:14.oktober 2021

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS