LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studentrådskoordinator for studentrådet UH-nett Vest

Søknadsfrist: 30.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om forskningsadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studentrådskoordinator for studentrådet UH-nett Vest

Studentrådskoordinator for Studentrådet UH-nett Vest (Universitets- og høgskolenettet på Vestlandet) har ledig 20 % stilling for koordinator for Studentrådet. UH-nett Vest er et formelt nettverkssamarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger. I tillegg er NLA Høgskolen og VID vitenskapelige høgskole assosierte medlemmer i nettverket.

Stillinga lyses ut for 2 år og vedkommande blir tilsett ved Universitetet i Bergen. Nærmaste leder for stillinga er koordinator i UH-nett Vest.

Arbeidsoppgåver:

  • Være mellomleddet mellom studentrådet/studentane og koordinator for UH-nett Vest
  • Ha sekretærfunksjonen på møta i studentrådet. Følge opp sakene mellom møta i studentrådet og initiere møter når det er behov.
  • Møte som observatør i styremøta i UH-nett Vest
  • Ha løypande dialog med leder og nestleiar i studentrådet, og bidra med organisatorisk støtte og rådgiving i arbeidet med politiske saker
  • Følge opp at studentrådet har representantar i gruppene knytt til UH-nett Vest der studentrådet er representert. I dette ligger ansvaret for gjennomføring av val i studentrådet og kontakten mellom koordinator i UH-nett Vest, eventuelt leiaren i dei forskjellige utvala.
  • Ha dialog med nettredaktør for publisering av aktiviteten i studentrådet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søker må være student på bachelor- eller mastergradsnivå på ein av medlemsinstitusjonane
  • Være bevisst sin rolle som rådgiver og tilretteleggjar
  • Holde seg oppdatert på saker i de enkelte studentdemokratia og i studentpolitikken generelt
  • Bidra til progresjon i løypande saker. Strukturert og løysingsorientert.
  • Sosial og inkluderande

Studentrådskoordinator bør ha erfaring frå studentdemokratiet, og rapporterer til styret i UH-nett Vest. Noko reising må påreknas.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som konsulent (kode 1065) med ei årslønn i 100 % stilling på kr 397 100 - 412 000 (tilsvarande lønssteg 38- 41) avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.
  • Et godt fagleg og sosialt miljø med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Koordinator i UH-nett Vest, rådgiver Kristin Hansen, tlf. nr. 55 58 49 84, e-post: Kristin.Hansen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS