Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Senter for klima og energiomstilling (CET, www.uib.no/cet) er det ledig eit eittårig vikariat i 100 % stilling som seniorkonsulent. CET er eit tverrfagleg forskingssenter som skal produsere handlingsretta kunnskap om korleis vi kan få til nødvendig og berekraftig omstilling av samfunnet for å møte klimautfordringane.
I forbindelse med fødselspermisjon søkjer vi nå etter ein vikar for vår seniorkonsulent innan kommunikasjon og administrasjon. Den som vert tilsett vil inngå i eit dynamisk forskingsmiljø og få spennande ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver:
Kommunikasjon og rapportering frå senterets forsking og aktivitetar
Administrative oppgåver knytt til drift av senteret
Utvikling og oppdatering av nettsider
Organisering av møter, seminar og konferansar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Relevant mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning
Erfaring frå administrativt arbeid og kommunikasjonsarbeid
Kjennskap til sosiale media, nettsideredigering, og redigeringsprogram som Photoshop er ein fordel
Kjennskap til/interesse for klima og energiomstilling er ein føremon
Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Open, omgjengeleg og fleksibel
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som seniorkonsulent i kode 1363 i det statlege regulativ, ltr. 55 - 59 avhengig av tenesteansiennitet og kompetanse. Dette utgjer for tida kr. 490 600 – 526 000 per år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.