LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent innan retorikk og munnleg formidling

Søknadsfrist: 07.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som seniorkonsulent innan retorikk og munnleg formidling frå 5. september 2022, eller snarast deretter.

Forskingsgruppa for retorikk, demokrati og offentleg kultur ved Institutt for Informasjons- og medievitskap (Universitetet i Bergen) deltar i prosjektet ”Norden og verden – retorisk medborgarskap før, nå og i framtida”. Prosjektet søker å styrke nordisk samhøyrsle, det språklege og kulturelle fellesskap og den nordiske demokratiforståinga gjennom årleg tilbakevendande nordiske samlingar og talefestivalar for elevar i vidaregåande skule. "Norden og verden" er og eit kunnskaps- og dokumentasjonsprosjekt, som vil samla inn og analysere historiske og nåtidige talar som tematiserer nordisk samhøyrsle.

Til dette søker vi ein dyktig, sjølvstendig og pliktoppfyllande seniorkonsulent til tilsetting i ei 50 % stilling. Stillinga er fast, og altså knytt til prosjektet "Norden og verden", som i utgangspunktet har finansiering ut 2025. Etter utløp av prosjektfinansiering vil stillinga vere knytt til administrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Den som tilsettast må då vere budd på å få andre oppgåver.

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåva vil være å leia den norske delen av "Norden og verden", samt å organisere den nordiske festivalen i Bergen. Prosjektet Norden og verden er knytta til den nasjonale norske talekonkurransen "Ta ordet!" Derfor vil personen som tilsettast, arbeide tett saman med prosjektkoordinatoren for "Ta ordet!" Arbeidet vil og skje saman med ein eller fleire forskingsassistentar i prosjektet.

Arbeidet vil vere mangearta. Det vil hovudsakleg ha praktisk, administrativ og organisatorisk karakter og vil innebere noko undervising, retorisk rettleiing og kursing. Den som blir tilsett må halde kontakt med aktørar tilknytt prosjektet i Skandinavia. Personen må bidra til å utvikle undervisningsmateriell, kursopplegg og materiale til dokumentasjonsdelen med nordiske taler, og må koordinere og arrangere aktivitetar i Norge. Den tilsette vil få ansvar for å organisere den nordiske festivalen Nordisk talefest i Bergen i 2024. Personen må i tillegg gjennomføre marknadsførings- og kommunikasjonsarbeid via nettsider, sosiale medier og anna. Arbeidet vil innebera kontakt og samarbeid med våre partnere i Danmark og Sverige, og kan innebera å bidra til aktivitetar og undervisning i Danmark og Sverige. Dessutan må den som tilsettast bidra til å etablere "Norden og verden" som ein fast årleg aktivitet i Skandinavia, utover den umiddelbare prosjektperioden som varer til og med 2025.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett bør:

  • ha mastergrad innan retorikk, kommunikasjon, pedagogikk, eller tilsvarande kompetanse.
  • ha undervisningserfaring i retorikk og munnleg kommunikasjon
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • kunne administrere og koordinere effektivt samt utføre enkelt budsjettarbeid
  • være i stand til å utvikle, organisere og gjennomføre undervisningsopplegg og større arrangement.

Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga vil verte vektlagd.

Vi kan tilby:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
  • Stillinga er lønna i lønnsspenn 520 000 – 560 000 (kode 1363) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknaden skal merkast: 22/10444

Søknadsfrist: 7. august

Søknader sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Pernille Hole, epost pernille.hole@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS