Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Det samfunnsvitskaplege fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til eit eittårig vikariat som seniorkonsulent ved HR-seksjonen ved fakultetet. Det er ønskjeleg at den som tilsettast, snarleg kan byrje i stillinga.
Seksjonen si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til dei sju institutta ved fakultetet, samt til leiinga og dei andre tilsette ved fakultetsadministrasjonen. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen med båe dei vitskaplege tilsette og instituttleiinga. Som HR-medarbeidar vil du ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepartnar, ikkje berre i rekrutteringsprosessen, men også i andre HR-relaterte sakar. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver, som blant anna omfattar forskingstermin, opprykk mm, samt saksførebuing for styrer og utval. Likestilling, organisasjonsutvikling, utvikling og kvalitetssikring av rutinar er andre viktige oppgåver for seksjonen.
Sakshandsaming i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
Generell personaladministrativ sakshandsaming
Leiarstøtte til HR-leiar og instituttleiarar
Utviklingsoppgåver for HR-seksjonen
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Utdanning på bachelornivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant praksis innan personal- og HR-arbeid er ein føremon
God digital kompetanse.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi søkjer ein medarbeidar som
er ansvarleg og løysingsorientert
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere
har ei god serviceinnstilling
er raus og inkluderande
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Ei allsidig stilling med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Eit godt fagleg og sosialt miljø
Løn etter lønssteg 56 - 60 (kode 1363). For tida utgjer det kr. 507 600 – 553 500 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.