Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet er det ledig stilling som seniorkonsulent HR (100 %). Seniorkonsulenten har personaladministrative oppgåver kor omfanget av dei ulike oppgåvene vil variere over tid. Arbeidsstad vil i hovudsak være ved eit av våre fem institutt. Seniorkonsulentane rapporterer til seksjonsleiar for HR-seksjonen.
Fakultetet har om lag 1 200 tilsette, fem institutt og to senter for framifrå forsking. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. Fakultetet samarbeider tett med sentrale aktørar i helsevesenet og med andre utdanningsinstitusjonar. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar. HR- seksjonen består av 13 tilsette og har ansvar for dei samla HR-tenestene på fakultetet. Nokre ved seksjonen har i hovudsak arbeidsstad ved eit institutt mens resten har arbeidsstad i fakultetsadministrasjonen. Den som vert tilsett vil og arbeide tett med instituttleiinga.
Hovudarbeidsfeltet vil vere sakshandsaming og rådgjeving knytt til tilsetjing, oppfølging av tilsette gjennom tilsetjingsforholdet samt avslutning av arbeidsforhold. Andre oppgåver innan HR samt leiarstøtte kan bli aktuell.
UiB arbeider med standardisering av administrative tenester generelt, inkludert digitalisering av HR-prosessar. Endringar i arbeidsfelt og arbeidsrutinar vil derfor måtte påreknas.
Arbeidsoppgåver:
Sakshandsaming innan seksjonens ansvarsfelt med hovudvekt på personalarbeid, mellom anna:
Leiarstøtte ved oppfølging av tilsette i tilsetjingsforholdet
Permisjonssøknader
Leggje til rette for å følgje opp sjukemelde og anna fråvær
Ta imot nye tilsette i samarbeid med instituttet
Vere leiarstøtte i samband med oppfølging og planlegging innan personalfeltet
Generell rådgjeving, mellom anna knytt til lovverk og reglar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha minimum bachelorgrad. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
Relevant erfaring eller utdanning innan HR-arbeid, er eit krav
Det vil bli lagt vekt på kunnskap i statleg lov- og avtaleverk innan HR-feltet
Kjennskap til arbeidsverktøy som personalsystem (som SAP), Office, sakshandsamingsverktøy (som ePhorte/Elements) er ein føremon
Gode kunnskap i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Vi søkjer ein person som
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
arbeider systematisk og nøyaktig
kan handtere ein hektisk arbeidskvardag med fleire ulike sakar
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 530 000 - 580 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.