Seniorkonsulent (FS) ved fakultetets studieseksjon
Søknadsfrist: 14.04.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent i Studieseksjonen, med særs ansvar for Felles studentsystem (FS), studiekvalitet, statistikk og rapportering.
Studieseksjonen har det administrative ansvaret for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og gi råd og leiarstøtte i utdanningssaker ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Dette betyr blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytt til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak og tilrettelegging av studier.
Arbeidsoppgåver:
Studieadministrativ arbeidsstøtte til fagmiljøa.
Fakultetets kontaktperson og superbruker i Felles studentsystem (FS).
Sakshandsaming og kvalitetssikring av studieplanar, utdanningsplanar og emneomtalar for fakultetet sine studieprogram.
Inngå i teamet for timeplansarbeidet ved fakultetet og brukarstøtte for timeplanleggingssystemet (TP).
Studieadministrativ sakshandsaming.
Utvikle og bistå i å fremskaffe statistikk og analyse til institutt og ledelse ved fakultetet
Den som blir tilsett må være førebudd på at arbeidsoppgåvane kan endras.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant studieadministrativ praksis.
God administrativ IT-kompetanse.
Erfaring med FS vil vere ein føremon
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Gode evner til å formidle tall og statistikk vil vere ein føremon
Evne til å være fleksibel, ansvarlig og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som seniorkonsulent i lønssteg 56-60 (kode 1363) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 498 800 – 535 200 kroner. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.