Seniorkonsulent (administrasjonskonsulent) ved Institutt for framandspråk
Søknadsfrist: 15.10.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent (administrasjonskonsulent) ved Institutt for framandspråk
Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent på HR-feltet. Oppstart 1. januar 2022 eller etter avtale.
Instituttet har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben ved instituttet har om lag seksti fast vitskapleg tilsette, rundt 25 stipendiatar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Miljøet ved instituttet er dynamisk og internasjonalt med eit utstrekt samarbeid med institusjonar og forskarar i ulike land, og instituttet har fleire eksternfinansierte prosjekt. Meir informasjon om instituttet ligg her.
Administrasjonen ved instituttet skal leggje til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet.
Arbeidsoppgåver
Stillinga som seniorkonsulent har i hovudsak arbeidsoppgåvene innanfor HR (personal) og økonomi:
Personaloppfølging og rådgjeving
Ferie, permisjonar, sjukefråvær mm
Arbeidstid og undervisningsrekneskap
HMS og IA (inkluderande arbeidsliv)
Mottak av nye medarbeidarar
Sensorutbetalingar
Reiserekningar, forskot og ulike honorar/utbetalingar
Søknader frå studentar og fagutval om økonomisk støtte, oppfølging av studentar ved utanlandske studiesenter
Oppfølging av ordninga med eksterne fagfellar (programsensorar)
Tett samarbeid med fakultetet på HR-feltet
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi ser etter ein person som kombinerer desse kvalifikasjonane og eigenskapane på ein god måte:
Høgare utdanning på mastergradnivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant praksis frå administrativt arbeid, helst frå høgare utdanning og gjerne knytt til HR og økonomi.
Gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg
Solide engelskkunnskapar
Effektivitet, fleksibilitet og gode samarbeidsevner
Sjølvstendig, påliteleg og systematisk tilnærming til arbeidet
Gode evner til følgje opp arbeidsoppgåvene frå A til Å
Evne til å setje seg rask inn i nye arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn tilsvarande lønssteg 55-58 (kode 1363 i statens regulativ) for tida 499 100 – 524 500 kroner brutto i året. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.