Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket er det ledig ei fast 100% stilling som seniorkonsulent (kode 1363) frå snarast. Stillinga er for tida knytt til Seksjon for tilvekst og system.
Arbeidsoppgåver:
Administrering av abonnementsavtaler tilknytt tidsskrifts- og anna litteraturinnkjøp
Innkjøp av bøker og anna faglitteratur samt tilgjengeleggjering i systema
Leverandørkontakt
Innhenting og omarbeiding av bruksstatistikk for on-line faglitteratur
Administrere avtaler for open tilgang
Brukarstøtte for e-ressursar og open publisering
Brukaropplæring og brukarrettleiing
Delta i løpande driftsoppgåver tilknytt seksjonens arbeid
Delta i utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha høgare utdanning på mastergradnivå eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant praksis.
Erfaring frå bokhandel, forlag eller bibliotek vil bli tillagt vekt
Gode kunnskapar om biblioteksystem vil bli tillagt vekt
Relevant IT-kompetanse vil bli tillagt vekt
Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk
Vi søkjer deg som
Tar initiativ og ønskjer å utvikle tenestene våre
Er opptatt av brukarperspektivet i tenesteutvikling
Er serviceorientert og fleksibel
Kan arbeide målretta og effektivt
Arbeider godt sjølvstendig
Er strukturert
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er god på skriftleg kommunikasjon
Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
Løn som seniorkonsulent etter lønssteg 56 – 60 (kode 1363) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 507 600 – 543 500. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Fungerande seksjonsleiar Paul Simon Svanberg, tlf: 55 58 25 07 (kontor), 47 75 37 90 (mobil), e-post paul.simon.svanberg@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.