Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent - HR (vikariat) - Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 02.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent - HR (vikariat)

I fakultetsadministrasjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (HR) for perioden 1. desember 2020 til 30. november 2021, med moglegheit for forlenging.

Som HR-konsulent inngår du i ein fakultetsadministrasjon med omlag 55 tilsette fordelt på fire seksjonar; HR, økonomi, studie samt stab og leiing. Stillinga er knytt til HR-seksjonen der du vil vere ein av 12 medarbeidarar. Næraste leiar er seksjonssjefen. Seksjonen si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til dei sju institutta ved fakultetet, samt til leiinga og dei andre tilsette ved fakultetsadministrasjonen. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga. I universitetssamanheng er dette ein spennande prosess med mange ulike stillingskategoriar, og innanfor ulike fagområde. Dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen med båe dei vitskaplege tilsette og instituttleiinga. Som HR-medarbeidar vil du ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepartnar, ikkje berre i rekrutteringsprosessen, men også i andre HR-relaterte sakar. Samarbeid internt i fakultetsadministrasjonen er også ein viktig del av kvardagen, då især samarbeidet med økonomiseksjonen.

Arbeidsoppgåver

Som HR-konsulent vil du blant anna bidra med

  • rådgjeving og rettleiing i rekrutteringsprosessar ved fakultetet og institutta
  • HR-fagleg leiarstøtte
  • sakshandshandsamingsoppgåver i HR-saker
  • utvikling av administrative rutinar innan HR
  • prosjektarbeid
  • generelle administrative oppgåver
  • rapportering og vedlikehald

Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • utdanning på masternivå. Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom lang og allsidig praksis i sakshandsaming saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • god digital kompetanse
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål)
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk

Du bør ha

  • dokumentert erfaring i sakshandsaming, helst innan HR
  • gode kunnskapar i relevant lov- og avtaleverk
  • erfaring frå offentleg forvaltning – helst universitets- og høgskulesektoren

Personlege eigenskapar

Du må ha

  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, effektivt og målretta
  • evne til å tileigne deg nye ferdigheiter
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du må vere

  • initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • fleksibel og serviceinnstilt
  • resultat- og løysingsorientert
  • raus og inkluderande

Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde.

Vi kan tilby

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • eit godt arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 - 61 (for tida kr 488 000 - 542 400 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Gunnar Larsen, tlf. +47 55 58 35 14 / e-post gunnar.larsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.

Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS