LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom (seniorkonsulent) - Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som seniorkonsulent (prosjektøkonom) ved fakultetsadministrasjonen for Det psykologiske fakultet. Den som får stillinga vil bli ein del av ein økonomiseksjon som for tida består av 5 tilsette og vil rapportere til seksjonsleiar. Fakultetet sine Institutt og senter er lokalisert i sentrum og Årstadområdet/Alrek.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppgåver knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
  • Gje støtte for å styrke fakultetet si eksterne finansiering
  • Koordinering og prosjektoppretting
  • Budsjettering og re-budsjettering
  • Rapportering
  • Avslutning
  • Rekneskapsføring, omposteringar og anna drift

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga. Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av seksjonen sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter deg som har:

  • Utdanning på mastergradsnivå innan økonomi
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan excel, er eit krav. Universitetet i Bergen nyttar Unit4 ERP som økonomisystem, SAP som lønnsystem og Tableau som rapportverktøy. Kjennskap til, eller erfaring frå, desse eller liknande system vil vere ein føremon
  • Erfaring frå prosjektøkonomi er ein føremon, og det er også ein føremon dersom erfaringa er frå universitets- og høgskulesektoren, men nyutdanna er også velkomen til å søkje
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde
  • Evne til å være fleksibel og serviceinnstilt
  • Sans for kvalitet i arbeidet, prioriteringsevne og nøyaktighet vil bli vektlagt

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55 – 61 (for tida kr 490 600 – 545 300 ) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS